Over Skorpa og rundt (30.07.2025)


Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 6h 00min
Entfernung 15,6km
Höhenmeter 980m
Karte
Besteigungen Blåkollen (393m) 30.07.2025
Brunnefjellet (176m) 30.07.2025
Vardefjellet (181m) 30.07.2025
Besuche anderer PBE Sør-Skorpa kai (1m) 30.07.2025

Dagens plan var å ta båten ut til Skorpeide, for så å gå over alle tre toppane på Skorpa og deretter ta båten frå Skorpa kai tilbake til Florø. Eg ringte difor ruteselskapet for å informere om at eg skulle av på Skorpeide. På båten blei eg spurt opp til fleire gongar om kvar eg skulle (av samme person). Men av ein eller annan grunn så klarte ikkje denne beskjeden komme fram til rette vedkommande. Lettare frustrert over mannskapet gjekk eg av på Skorpa kai. Ny plan blei difor å gå motsatt veg og deretter tilbake til Skorpa kai. Eg var ikkje sikker på om det gjekk å gå langs sørsida av Skorpa frå Skorpeide til Skorpa, så då blei det den lange turen på nordsida og til stien som går frå Kvaløysund til Skorpa kai.
Greitt opp Vardefjellet, litt sti og litt tråkk. Vidare til Blåkollen. Denne gjekk greitt oppover sidan den er merkt og til dels mykje brukt. Til mi store glede var det merkt nedatt mot Skorpeide. Fann ein sti oppover mot Brunnefjellet, som gjorde det lettare å komme opp enn det såg ut på avstand. Ein liten rast på toppen før eg gjekk nedatt. Frå Skorpeide og nordover er det ein sti. Prøvde å følgje den så godt det lot seg gjere. Sikta meg inn mot Kvaløysund. Her var det blanding av tråkk og ingen tråkk. Eg hadde trudd stien frå Kvaløysund var meir tydeleg enn det den var. Så samla sett blei det litt krangling med busker her og der.
På Skorpa kai kom eg i snakk med ein som meinte det gjekk å gå på sørsida av Skorpa. Så om eg (mot formoding) skulle finne på å ta turen ein gong til, så veit eg det...

Reksta sett frå Vardefjellet
Reksta sett frå Vardefjellet
Blåkollen sett frå Vardefjellet
Blåkollen sett frå Vardefjellet
Store Batalden sett frå Vardefjellet
Store Batalden sett frå Vardefjellet
Reksta sett frå Blåkollen
Reksta sett frå Blåkollen
Kinn sett frå Blåkollen
Kinn sett frå Blåkollen
Store Batalden sett frå Blåkollen
Store Batalden sett frå Blåkollen
Florø sett frå Brunnefjellet
Florø sett frå Brunnefjellet
Utsikt nordover frå Brunnefjellet
Utsikt nordover frå Brunnefjellet
Utsikt nordover mot Store Batalden sett frå Brunnefjellet
Utsikt nordover mot Store Batalden sett frå Brunnefjellet
Reksta sett frå Brunnefjellet
Reksta sett frå Brunnefjellet
Blåkollen sett frå Brunnefjellet
Blåkollen sett frå Brunnefjellet

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.