Kistefjellet (07.06.2025)
Besteigungen | Kistefjellet (157m) | 07.06.2025 |
---|
Etter ein tur på dagsturhytta i Gulen vart det tid for å prøve ut ein ny topp. Kistefjellet er ein av toppane som står på lista i Opptur Ytre Sogn og Fjordane. Ettersom det ikkje er så lang, så passa den godt i dag. I følge ut-appen går det sti frå vestsida og opp til toppen. Denne stien er nok ikkje så mykje brukt. Den er bratt og nesten ikkje synleg i starten. Etter kvart vart det lettare å gå. På veg nedatt fulgte vi ei godt merka rute nedatt på austsida av fjellet. Anbefaler den ruta begge vegar. Flott utsikt frå toppen. Blandt anna mot Mongstad, der far min arbeidde på 80-talet då Mongstad vart bygd.
Benutzerkommentare