Varlivatnet (12.04.2025)
Characteristic | Hillwalk |
---|---|
Duration | 5h 17min |
Distance | 14.3km |
Vertical meters | 630m |
Tur med mannen til Varlivatnet. Ettersom det er lite snø i fjellet, tok eg sjansen på å besøke eit av Titurmåla med den lengste avstanden, Varlivatnet sammen med mannen. Han ville ikkje ha noko bratt tur, så eg tenkte at det var passande tur. Eg fann også ut at vi kunne kanskje ta ein tur oppom Varliegga eller Svartegrovfjellet Nord. Det eg ikkje tenkte nok på at det kunne være fare for mykje snø. Det starta greitt opp mot Vinddalsvatnet. Ruta er lettgått sjølv om det er ein del myrlendt. Etter kvart som vi kom opp til Vinddalsvatnet blei det snø. Og jammen minka det ikkje på veg opp til Varlivatnet. Snøen var nok ikkje like "hærleg" som turen til Krunene. Tendensar til påskeslush og for tungt føre for fottur. Frustrasjonen var til å ta og føle på på veg opp til Varlivatnet. Det blei litt "sikk sakk" for å finne nokre tørre tuer. Å ta ein avstikkar opp til ein av toppane i nærheten var ikkje noko tema. På veg ned Kvanngrødalen fann vi nokre gamle spor etter førre turgåar. Då vi skulle krysse elva i Kvanngrødalen, var elva så stri at vi ikkje kryssa den, men gjekk langs elva ned til Sunds- og Savlandsstølen.
Kan vel ikkje skryte på meg at dette var ein "kremtur", men "been there, done that" er vel meir eit passande uttrykk. Ettersom eg har lova å ta med nokre andre på Titur, så vil eg nok vente med denne til sommaren og at det går an å kanskje komme seg opp på ein topp eller to i tillegg.
User comments