Skarsvatnet (28.08.2024)
Turtype | Fjelltur |
---|---|
Turlengde | 2t 30min |
Distanse | 4,7km |
Høydemeter | 270m |
Eg og nokre kollegaer skulle ta ein tur til Skarsvatnet og Gaddevatnet. Eg var litt spent på om det hadde blitt slik at vi kunne gå over ved Skarsvatnet denne gongen, sjølv om eg var litt skeptisk ettersom det ikkje akkurat har vore så mykje opplett i området.
Og ganske riktig, det var uråd å gå over utan å bli skikkelig våt på beina, så turfølget ville ikkje utsette seg for det. Vi gjekk heller langs Skarsvatnet og sikta oss opp på høgda mot Skratleheia. Så det vart samme ruta som eg og mannen min hadde litt tidlegare i august. Vi gjekk rett nok ikkje heilt til topps, men opp slik at vi fekk litt utsikt. Spørsmålet var då om vi skulle ta sikte på Hatlebrekkestølen og følge det som på kartet såg ut som ein god traktorveg. Men ettersom eg hugsa frå sist, vart eg skikkelig blaut på beina. Vi testa likevel turen ned mot Hatlebrekkestølen og mista stien sånn ca halvvegs nede mot stølen. Vi fann den her og der og etter kvart kom vi ned til stølen. Men det som på kartet såg ut til å være ein brei fin traktorveg, var ein blaut sti, som tydeleg ikkje er så mykje brukt. Stien opp til Alværsstølen er mykje betre, sjølv om kartet ikkje viser det. Så sjølv om vi prøvde så godt vi kunne å halde oss turre på beina, var det så og seie umogleg. I tillegg måtte vi vade over elva. Om ikkje beina var våte før, så blei dei i alle fall det då. Heilt OK tur, sjølv om eg skulle gjerne ha vore oppom Gaddevatnet også.
Kommentarer