Vetenbua, dagsturhytta i Øygarden (Sund) (19.07.2024)


Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 38min
Distanse 7,3km
Høydemeter 382m
GPS
Bestigninger Førdesveten (284moh) 19.07.2024
Storevarden (230moh) 19.07.2024
Andre besøkte PBE'er Vetenbua (280moh) 19.07.2024
Minnesmerke etter flystyrten i 1948 (275moh) 19.07.2024
Stranda skole parkering (45moh) 19.07.2024

Etter hotellbesøk vart det privatbesøk eit par netter på Askøy. Vi fann ut vi skulle besøke dei dagsturhyttene vi mangla i Øygarden og starta med Veten. Det er ikkje alltid like lett å tolke teksten som står på ut.no sin turbeskrivelse. Men etter det eg las, så var det best å parkere ved Stranda skule, sidan det var lite parkering på dei andre stadane. Det som stod vidare var at det var lettare å gå frå Førde og at stien frå Stranda var noko bratt for enkelte, men av ein eller annan grunn la eg ikkje merke til den vesentlege delen av teksten. Så då blei det at vi køyrde til Stranda skule og parkerte der. Det første vi møtte var blandt anna ein gigantgitar for å heidre Johannes Kleppevik. Det var lettgått eit stykke, men enkelte stader var stien noko blaut og bratt. Men vi kom oss opp. Det vi såg var at det var fleire andre på toppen, dei hadde sjølsagt fått med seg at det beste er å gå frå Førde. Men men. På toppen var det litt yr og vind, men OK temperatur. Etter å ha teke noko bilde, gjekk vi på returen via Storevarden og fekk då meir utsikt på grunn av at været letta.

Rett ved stistart. Gitaren er for å heidre Johannes Kleppevik, som kom frå området.
Rett ved stistart. Gitaren er for å heidre Johannes Kleppevik, som kom frå området.
Greie trapper å komme seg opp på.
Greie trapper å komme seg opp på.
Varden på Veten
Varden på Veten
utsikt frå Veten
utsikt frå Veten
Sikteskiva på Veten
Sikteskiva på Veten
Kart over kva vi ser frå Førdesveten. relatert til sikteskiva.
Kart over kva vi ser frå Førdesveten. relatert til sikteskiva.
Utsikt frå Vetenbua
Utsikt frå Vetenbua
Innsida av Vetenbua
Innsida av Vetenbua
Minnesmerke frå Flystyrt i 1948
Minnesmerke frå Flystyrt i 1948
Minnesmerke frå Flystyrt i 1948
Minnesmerke frå Flystyrt i 1948
Utsikt frå Storevarden
Utsikt frå Storevarden
Utsikt frå Storevarden
Utsikt frå Storevarden
På veg nedatt frå Storevarden
På veg nedatt frå Storevarden
Etter turen var det fint vær og vi tok ein dukkert i eit lite vatn "smånipen" rett ved eit industriområde. Ingen merking av badeplass, men veldig idyllisk. Det var til og med ei bu vi kunne skifte i.
Ei litt skjerma badestrand med skjelsand.
Ei litt skjerma badestrand med skjelsand.
Ei litt skjerma badestrand med skjelsand: Smånipen.
Ei litt skjerma badestrand med skjelsand: Smånipen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.