Grimsetstølen (06.06.2024)
Tourcharakter | Wanderung |
---|---|
Tourlänge | 1h 36min |
Entfernung | 9,0km |
Höhenmeter | 224m |
Etter gårsdagens varierte tur med det resultat at beina vart ekstra våte, var det greitt å finne ein tur der faren for å bli meir våt ikkje var sååå stor. I tillegg fekk eg med mannen på tur, noko eg synest er veldig bra. Grimsetstølen er lettgått og på grusveg, med moglegheit for å ta seg litt ut opp bakken på midten.
Vi såg an til at det vart solstrålar denne dagen og køyrde mot Naustdal. Oppover dalen starta regnet og det regna rimelig mykje og det vart grått, så vi gav opp og starta på veg heimatt. I det vi hadde snudd og køyrt ca 200 meter letta det og vi bestemte difor å likevel gå turen.
Vi hadde faktisk opplett på store delar av turen og til og med litt sol. Det er i alle fall ikkje så verst å gå enkelte turar med litt regn og likevel være tørr på beina.
Benutzerkommentare