Røyrvikstølsvatnet rundt (19.11.2023)


Start point Røyrvik
Endpoint Røyrvik
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 27min
Distance 19.0km
Vertical meters 1,361m
Map
Ascents Breistølbrupynten (825m) 19.11.2023
Bruraknappen (702m) 19.11.2023
Selda (880m) 19.11.2023
Storefjell (868m) 19.11.2023
Visits of other PBEs Røyrvika p-plass (220m) 19.11.2023

Parkerte ved Røyrvika. Der var det eit jaktlag som skulle oppover også. Det er greitt å kle seg fargerikt når det no er jaktsesong. Då slepp dei å ta feil av meg og hjorten. Eg fulgte ruta opp mot Røyrvikstølen opp til skaret, der eg tok til høgre mot Bruraknappen. Fint å gå oppover. På veg ned frå Bruraknappen fann eg ut at det var lurt å ta på broddar ettersom det var ein del is på marka. Sikta meg nedover og vidare opp til Selda. Bratt terreng, men greitt å gå oppover. På veg ned frå Selda blei det litt fram og tilbake, men fann ei grei rute ned. Eg sikta meg mellom dei to toppane (utan namn), men fann ut at eg hamna litt for langt oppe i terrenget. Eg snudde og gjekk på utsida og ned mot Røyrvikstølsvatnet. Sikta meg greitt inn mot Storefjell. Der vart det ein liten rast før eg hasta vidare til Breistølbrupynten og derfrå ned mot Røyrvikstølen. Frå Røyrvikstølen fann eg ut at eg ville spare litt tid på å gå på isen og ettersom is i lågare terreng er tjukk no, så tok eg sjansen. Fulgte stølsvegen nedatt til bilen.

Stien opp mot Røyrvikstølen
Stien opp mot Røyrvikstølen
Utsikt på veg opp til Bruraknappen
Utsikt på veg opp til Bruraknappen
Utsikt mot Selda frå Bruraknappen
Utsikt mot Selda frå Bruraknappen
Utsikt frå Selda mot Røyrvikstølsvatnet
Utsikt frå Selda mot Røyrvikstølsvatnet
Utsikt frå Selda
Utsikt frå Selda
Utsikt frå Selda. Hyefjorden
Utsikt frå Selda. Hyefjorden
Utsikt frå Storefjellet mot Selda
Utsikt frå Storefjellet mot Selda
Utsikt frå Storefjellet mot Hyefjorden
Utsikt frå Storefjellet mot Hyefjorden
Utsikt frå Storefjellet mot Gjegnen
Utsikt frå Storefjellet mot Gjegnen
Utsikt frå Breistølbrupynten mot Storefjellet
Utsikt frå Breistølbrupynten mot Storefjellet
Utsikt frå Breistølbrupynten
Utsikt frå Breistølbrupynten
På veg ned frå Breistølbrupynten. Utsikt mot Røyrvikstølsvatnet
På veg ned frå Breistølbrupynten. Utsikt mot Røyrvikstølsvatnet
Røyrvikstølen
Røyrvikstølen
Eg tok sjansen og gjekk på vatnet langs land. Røyrvikstølsvatnet og Røyrvikstølen.
Eg tok sjansen og gjekk på vatnet langs land. Røyrvikstølsvatnet og Røyrvikstølen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.