Klettaflora (02.09.2023)


Characteristic Hike
Duration 1h 01min
Distance 3.4km
Vertical meters 205m
GPS
Ascents Kletten (158m) 02.09.2023
Visits of other PBEs Gapahuken i Osen (97m) 02.09.2023

Det er framleis valkamp og dermed ein del arrangement eg er med på no før valet. Stand i Førde med potetløp, der vi vann første runde. Det endte med at vi måtte ta ei runde til med "handicap", der ein av deltakarane måtte springe baklengs i andre runde. Vi vann ikkje, men kom på 2.plass av partia.
Det gjekk vidare til stafett i Bygstad i forbindelse med opninga av Bygstadhallen. Dei har verkeleg fått seg ein flott hall. Ikkje overraskande, så vann ikkje vi, men vi kom på 2.plass blandt politikarlaga. Etter Helse-Førdestafetten, hadde eg lært at det var lurt å varme litt opp før eg set i gang. Då det var min tur gjekk konkurranseinstinktet amok og det var berre å springe. Litt irriterande då at ein unge kom rett bak meg og sprang som eit olja lyn forbi meg.... jaja, det var vel ikkje anna å forvente når eg ikkje akkurat er bygd for fart. Litt blodsmak i munnen etter dei 300 metrane eg skulle springe. Etter stafetten var det godt å komme seg ut i eit element eg trivest best i, sjølv om turen ikkje vart så lang. Osen folkesti er ein flott tur opp til rasteplassen. Ruta opp til toppen av Kletten er så som så med og ikkje er det noko flott panoramautsikt heller, sjølv om ein ser fjorden innimellom alle trea. Litt krangling med busker og kratt på veg nedatt.

Utsikt mot Dalsfjorden
Utsikt mot Dalsfjorden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.