Hornet (13.08.2023)
Ascents | Bjørnaskarnakken (607m) | 13.08.2023 |
---|---|---|
Grønskrednyken (637m) | 13.08.2023 | |
Hornet (719m) | 13.08.2023 |
Parkerte ved parkeringslomme ca 200m frå vegen der stien starta. Fulgte vegen opp og vidare på traktorveg opp til Hamnnessætra. Derfrå vidare på sti opp til Hornet. Fann ut eg skulle prøve å gå vidare og fulgte merka rute. Utfordringa var at eg etter kvart fann ut at eg var litt på "ville vegar" forbi Nova, den merkinga som gjekk til venstre var nok ein litt anna plass enn eg hadde tenkt meg. Etter litt "knoting" opp og ned, gjekk eg opp igjen til Nova og fann stien ned skaret. Så konklusjonen min vart at eg anbefaler å gå på skrå ned på høgre side av Nova. Der var det greitt merka. Sikta meg inn på Grønskrednyken og vidare på Bjørnaskarnakken. Fulgte betre med på returen og fulgte (nesten) merka rute tilbake til Hornet og ned til bilen. Det regnet som var lova kom berre som nokre dropar på turen.
User comments