Jøtelshogjen (30.07.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 36min
Distance 8.4km
Vertical meters 519m
GPS
Ascents Jøtelshaugen (581m) 30.07.2023
Visits of other PBEs Ruiner - Brokabakkane (277m) 30.07.2023
Østenstad (340m) 30.07.2023

Ettersom værmeldingane ikkje var det beste, ville eg finne ein ikkje altfor lang tur. Det er ei stund sidan eg var på Jøtelshogjen, så då falt valet på den. I Førde var det opplett og på veg ut mot Dale blei det meir og meir regn. Eg vurderte faktisk å snu og heller finne ein kort tur i Førde. Men så fann eg ut at eg kunne finne ein kortare tur dersom været ikkje skulle være på mi side. Det er godt å lufte seg likevel. Parkerte ved Dalsåsen og etter nokre få minutt i bilen såg det ut til å lette. Så då eg kom meg ut av bilen var det berre litt yr.
Trakka i veg opp i retning Havreheia og etter kvart vart det merka Jøtelshogjen. Etter ei lita stund slutta det å regne heilt og eg må innrømme eg vart veldig glad at eg tok sjansen.
Sjølv om det hadde slutta å regne, var det svært vått enkelte stader. Så vått at skoa til slutt gav etter for fukten, fordelen i juli månad er at temperaturen ikkje er så ille. Det gjer at det går greitt å gå med våte bein.
Det blei nokre bilder på toppen før returen. Tok ein avstikker mot Østenstad før eg returnerte til bilen. Ved Østenstad var det informasjonsskilt om fjellgarden. Litt spennande å få med seg historie på kjøpet.

Stistart Jøtelshogjen
Stistart Jøtelshogjen
Utsikt mot Dale
Utsikt mot Dale
Nokre av sauene som var litt nysjerrig på kven som hadde forvilla seg i deira område.
Nokre av sauene som var litt nysjerrig på kven som hadde forvilla seg i deira område.
Utsikt frå Jøtelshogjen mot Storehesten
Utsikt frå Jøtelshogjen mot Storehesten
Litt om Østenstad
Litt om Østenstad

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.