Kinn (29.07.2023)


Startsted Kinn kai (1moh)
Sluttsted Kinn kai
Turtype Fjelltur
Turlengde 3t 35min
Distanse 9,7km
Høydemeter 778m
GPS
Bestigninger Kinnafjellet (315moh) 29.07.2023
Søre Stauren (223moh) 29.07.2023
Andre besøkte PBE'er Kinn DNT-hytte (8moh) 29.07.2023
Kinn kai (1moh) 29.07.2023
Kinnaklova (220moh) 29.07.2023

Nydelege værmelingar. Eg må innrømme at eg vart litt inspirert frå gårsdagens tur over Reksta, så eg for like godt ut til Florø igjen og tok båten til Kinn. Denne gongen skulle eg opp på toppen av Kinnafjellet, sidan eg har hatt to turar ut til Kinn utan å få gått på denne toppen. Med på turen hadde eg min søster, som omsider takka ja til å være med.
Vi tok båten over og første mål var Kinnafjellet, sidan vi begge ikkje hadde vore der før. Det var bratt opp første partiet, der var det sett opp tau, som var godt å halde i på veg opp. Etter kvart så kom vi oss opp og kunne ta lunsjen vår med flott utsikt. Det var ei lita stund fare for litt havtåke, men den forsvann like fort som den kom.
Etter ein liten pause på toppen, for vi nedatt og spekulerte på om vi kunne rekke både Kinnaklova og Søre stauren. Vi tok sikte på Kinnaklova først. Mykje flottare i dag enn tidlegare tur. Sikta oss inn på merka sti nedover. Etter kvart så skilte vi lag, sidan eg hadde planer om Søre Stauren. Så då vart det litt hasting opp Høyskaret før eg kom meg opp på Søre stauren, kjente då at blodpumpa gjekk litt meir enn tidlegare på turen. Kjapp stopp for å være sikker på at eg kom nedatt til siste båten gjekk. Hasta nedover bakkane tilbake til Høyskaret og tilbake forbi kirka. Vi rakk båten med relativt god margin. Den siste hastinga, var vel kanskje ikkje heilt så nødvendig, men godt med ein liten pause før båten kom.

Bratt opp i starten av Kinnafjellet. Godt å ha tau til hjelp
Bratt opp i starten av Kinnafjellet. Godt å ha tau til hjelp
Bra med myrull
Bra med myrull
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen. Mot Reksta
Utsikt frå toppen. Mot Reksta
Utsikt frå toppen. Mot Reksta
Utsikt frå toppen. Mot Reksta
neste mål: Kinnaklova
neste mål: Kinnaklova
Utsikt frå Kinnaklova
Utsikt frå Kinnaklova
Utsikt frå Kinnaklova
Utsikt frå Kinnaklova
Frå toppen av Søre Stauren
Frå toppen av Søre Stauren
Frå toppen av Søre Stauren
Frå toppen av Søre Stauren
Frå toppen av Søre Stauren
Frå toppen av Søre Stauren
Frå toppen av Søre Stauren. utsikt mot Kinnafjellet
Frå toppen av Søre Stauren. utsikt mot Kinnafjellet

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.