Vindstille på Naregga (19.04.2023)
Ascents | Naregga (602m) | 19.04.2023 |
---|
Starta oppe ved tunellen etter Helle. Og gjekk opp ruta eg tidlegare har gått. Ein del tre i vegen opp til skaret. Traff på nokre turgåarar ved skaret og la merke til at dei gjekk ned mot andre enden av tunellen. Kanskje det er der eg vel å gå neste gong?
Fann ut eg skulle ein tur via Bakkestølen før eg tok ruta derfra opp til toppen. Litt blautt bort til Bakkestølen. Men ellers greitt å gå.
Kunne nyte finværet og sola før retur via den ordinære stien.
User comments