Blålidalsfjellet, Snøfjellet og Myklebustfjellet (10.04.2020)


Tourcharakter Schneeschuhtour
Tourlänge 3h 22min
Entfernung 10,3km
Höhenmeter 1.224m
GPS
Besteigungen Blålidalsfjellet (783m) 10.04.2020
Myklebustfjellet (715m) 10.04.2020
Snøfjellet (782m) 10.04.2020

Tok trugene fatt opp der sommarstien går. Bra føre oppover. Fann ut at eg skulle bestige dei tre toppane som ligg naturleg i nærleiken av kvarandre. Ettersom stien opp frå tunellen var ganske bratt, så fann eg ut at eg skulle ta ei runde ned til anleggsvegen som går langs Langevatnet. Dette gjorde at turen vart litt lenger enn planlagt. Ikkje at eg eigentleg klagar for med slikt flott vær, så kunne turen godt ha vore lenger enn den var. No i desse dagar når vi skal halde litt avstand til andre, så var ikkje det noko problem, då det var folketomt på toppane. Og i motsetnad, så var det mykje bilar parkert og skispor mot Terdalskeipen/ Slettevarden etc.

Utsikt frå toppen av Snøfjellet mot Florø
Utsikt frå toppen av Snøfjellet mot Florø
Utsikt frå Blålidalsfjellet mot Haukånipa
Utsikt frå Blålidalsfjellet mot Haukånipa
Mot Bremanger
Mot Bremanger
Mot Klauvekeipen
Mot Klauvekeipen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.