Setenesfjellet (26.05.2022)


Map
Ascents Setenesfjellet (367m) 26.05.2022

De første 17 årene av mitt liv budde eg i Gulen, nærmere bestemt Sandøy/Håbergsvika. På 80- og 90-talet var det ikkje kultur for å gå tur for moro skyld. Dersom du gjorde slek, eller tok deg ein joggetur, trente styrke eller lignende, hadde du overskudd som tilsa at du ikkje hadde jobba hardt nok.
Det er derfor ei lykke at det no er merka turer, turlag og turglede i kommunen. Og eg har mål om å gå ein ny tur for kvar gong eg er på gamle trakter.

Setenesfjellet oppdaga eg når det kom vei til Li. Når ein runder øya og kjører gjennom skaret til fjorden igjen, og Setenesfjellet åpenbarer seg, - det synes eg var et mektig syn. Så stor stas å gå dit.

Me parkerte ved elva, og fulgte ein traktorveg innøve. Gjekk offpist opp til toppen, og det var tidvis svært bratt og busjete.
Utsikten åpenbarte seg fort, fordelen med at det er bratt. Vel oppe gjekk me rett på - ein godt merka og svært tydelig sti. Så etter fotografering på begge toppene, og ein kjapp kvikklønsj på Setenesfjellet, så tusla me ned igjen. Det må jo seies å vere veldig sytalaust å gå på merka sti...hoho. Ved veien var det til og med skilt. Dårlig forarbeid? Muuligens. Kjekke tur uansett? Shoutout-anbefaling! :D

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.