Ålesund: Svinøya, pf 50 komplett (24.06.2013)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Øvste Nakken (60moh)
Sluttsted Øvste Nakken (60moh)
Turtype Kajakkpadling
Høydemeter 110m
Kart
Bestigninger Pkt på Svinøya (54moh) 24.06.2013
Turstart i Nakkevika
Turstart i Nakkevika

Til turen fekk eg låne kajakk med Olaug, fruen til Åsmund. Vi rusla frå Øvste Nakken på Lerstad og ned til Nakkevika der ho hadde kajakk liggande i eit naust. Fekk grundig innføring i låsing av naustet, ei meget finurlig innretning med trepinnar, spikar og ei slegge i eit tau. Olaug tok eit bilde med mobilen, kvaliteten deretter. Padling over til Svinøya 2,4 km på blikkstille hav. Øya er ikkje prega av drift og velstand for å seie det slik. Snodig å være så nær Ålesund og likavel så prega av forfall. Kort og lett rustletur til topps, ga meg god tid på toppen. Ei lita markering i stillhet og ettertanke er alltid på sin plass ved fullføring av lister. Padla roleg og fornøgd tilbake til Nakkevika og fekk låst naustet etter alle kunstens regler. Så vart det kaffe og Peakbookoppdatering hos Olaug før eg la turen til Haram. Æafjellet og Harøyburet midt på dag, og vidare til Midsund. Hadde ingen aning om at dagen enno så vidt var starta....(Foto: Olaug Bjørneset)

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.