Topptur, Kråkebergnosi. Grensetopp mellom Årdal og Lærdal. (26.06.2019)

Skrevet av JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Startsted Kvam i Borgund (432moh)
Sluttsted Kvam i Borgund (432moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 7t 30min
Distanse 13,0km
Høydemeter 1178m
GPS
Bestigninger Kråkebergnosi (1562moh) 26.06.2019 16:01

Jon Einemo og eg starta ved garden Øvre Kvame i Borgund kl 12. Litt sein start då det var meldt betring i veret på det tidspunktet. Fylgde stølsvegen til vårstølen Igdeset (1 time hit) og vidare til fjellstølen Fosse (2 timar hit). Flotte store steinsel der eit av dei var nokolunde intakt. Vidare bratt opp bakkane retning vest. Fylgde dyretrakk oppover mot tjørna (1360 moh). Snøfenner/steinur vidare til toppen. (1561 moh). Høgaste punktet (1569 moh målt med gps) ligg noko lenger i nord-vest enn det geometriske merket og den store varden.
Fin tur, men mykje vegetasjon fram til stølene, spesielt fram til vårstølen. Stadvis svært glatt på grunn av våt skogsbotn.
Flott utsikt til toppane og fjellområda ikring i Lærdal, Årdal og langt inn på Filefjellet.

Starttidspunkt 26.06.2019 12:00
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 26.06.2019 19:30
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 7t 29min
Bevegelsestid 6t 28min
Pausetid 1t 00min
Snittfart totalt 1,8km/t
Snittfart bevegelsestid 2,1km/t
Distanse 13,4km
Høydemeter 1200m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.