Flott maitur i russetida med Geir og Sigurd rundt Småsildalen. Inn gjennom sjølve dalen og opp på nordsida på begge "hodna" og heim via Botnafjellet, Revafjellet og Lågalia. Truleg var me bare oppom hovudtoppen på Revafjellet. Ein førsteklasses utsiktstur!
Dette var lenge før 7-fjellsturen opna ein straum av folk til dette flotte området.
Småsildalen er ei sann perle ein slik maidag!
Kvil vel oppe av det brattaste med utsikt mot Naganibba og Botnatjødna
Frå same staden med utsikt ut dalen
Ablegøyer ved Småsilbolten
Ved legendariske Småsilbolten, eit retteleg naturens under
I skardet med svimlande utsikt mot Nibba og Botnatjødna
Fantastisk utsikt frå Småsilhodnet!
Fornøgd på Småsilhodnet med toppen av Heiahodnet i bakgrunnen
Magesug på stupkanten på Småsilhodnet
Matpause med utsikt over til Revafjellet
Russestreker om ikkje beste slag HMS. Ei steinblokk på vippen får hjelp ned i Småsildalen...
Geir tøffar seg på stupkanten I
I skardet mellom "hodna"
På Heiahodnet
Fornøgde på kommunetoppen i Strand
Kanonutsikt mot Dalen óg frå Heiahodnet
Utsikt over mot Revafjellet
Mot Reinaknuten og ein flik av Liarvatnet
Meir nordleg utsikt mot Tysdalsheia med Krunefjell og Solknuten
Alle tre med Forenesvatnet, Krunefjell og Solknuten i bakgrunnen
Mot Holmavatnet med Vardhusheia kjennesleg
På veg mot Botnafjellet med utsikt ut Småsildalen
Geir tøffar seg på stupkanten II
Vakre Småsidalen flankert av Revafjellet og Småsilhodnet
Utsikt ned Gudbrandsdalen med Krunefjell og Brogaheia som bakteppe
Straks på toppen av Botnafjellet med kanonutsikt heilt til Liarvatnet
På toppen av Botnafjellet med tilbakeblikk mot begge "hodna"
På veg mot Nagaheia med utsikt mot store Nagatjødna
Sein vår på Nagaheia. Her med litle Nagatjødna og sjølvaste Nibba som me var på i fjor
Frå Revafjellet mot Svortingsvatnet som for anledninga er smekkfullt
I fint driv ned Lågalia
Ditto
Takk for oss; nå er me mykje betre kjende der inne!
User comments