Stavslinuten (24.05.2026)
| Bestigninger | Stavslinuten (1154moh) | 24.05.2026 |
|---|
Toppturane i år hadde vore lyststyrte, og ikkje listestyrte. Og slik skal det verte framover og.
Men so var det denne toppen midt i Telemark då. Ein av to 1000 på topp PF i fylket som eg mangla.
Det er alltid freistande å bruke mindre enn 9 timar på biltur, men denne gongen kjende eg det som eit truverdeproblem om eg ikkje kom meg avgarde til Telemark. Og om ein let inntrykka gjere litt vesen ut av seg, so er det å farte i Telemark noko for seg sjølv. Kanskje difor eg valde grusvegen frå Haukelivegen sørover langs Tokkevassdraget, der ein berre må håpe at turiststraumen til Ravejuvet ikkje gjer at det kjem campingbilar motsette vegen, der han knapt er breidare enn ein geitesti.
Åsgrend har vel alt som eit kulturlandskap i bratte dalar kan ha. Nokre nye hus er berre godt å sjå. Det er eit teikn på at folk kan halde dette landskapet oppe lenge. Nokre hytter etter kvart - korkje for mange eller for prangande. So parkering litt før PB-P-plassen. Eg fekk ikkje opp inste zoomnivå på norgeskart, so eg tenkte at det berre var å gå oppover utan å leite etter ein tvilsam traktorveg. Det fungerte bra, og etter litt framkomeleg kulturskog med god variasjon var eg over i naturskog.
Eg kryssa bekken på omlag 800 m o h. Her var det bratt, men fint lende, etter kvart med store graner med store kransar av turrkvist. So gjekk det over i meir fjellskog, før skoggrensa var eit faktum. Frodigheita fekk meg til å tenke at bergfarten kanskje ikkje var av dei aller magraste i Telemark nett her. Eg gadd ikkje lese kartet og rota meg difor opp på eit punkt som ikkje var ein topp, men med lett overgang til den eigentlege toppryggen. Her gjekk det eit svakt stifar.
Her kunne ein brukt ein dag med teleobjektiv om vêret hadde vore annleis, men no var det berre å take konsekvens av lite klede og sur vind.
Delar av turen ned gjekk i artig, springbart terreng, og i det heile var dette eit lite stykkje telemarkskog som ikkje bygde opp under biletet av slagmark for rovhogst av verneverdig skog, smurt av oppdragsgjevarstyrte naturkartleggarar.




Kommentarer