Jakta frå Øye (23.09.2017)  5


Characteristic Hillwalk
Duration 5h 27min
Distance 12.0km
Vertical meters 1,515m
GPS
Ascents Jakta (1,589m) 23.09.2017

Endelig kom dagen der turen til Jakta vart gjennomført. Dette er eit fjell eg har venta i langt tid på å bestige. Denne gongen var det dobbel gevinst då Jakta var siste fjelltoppen eg mangla på den tidsbegrensa fjellsamlingslista på jobben.

Meldingane var strålande, og til tross for litt lette skyer på vegen til Øye så starta vi med godt mot. Eg knipsa ein del bilder sidan eg sleit litt med å finne gode bilder her på peakbook som beskriv stien/turen til topps. Har også lagt opp eit GPS-spor. Vær OBS på at det er nedturen som viser rett rute i den noko utfordrande grasbakken.

Vi brukte knappe tre timar opp i svært bedagelig tempo. Tre fotballkampar på fire dagar i forveien hadde tæra på overskudded, så dette vart ein tung tur både opp og ned. Utsikta er meget, meget bra, og gjer at turen er absolutt å anbefale.

Resten av turen kjem i bildeformat.

User comments

  • -
    avatar

    GPS-spor

    Written by Freeflex 29.09.2017 02:32

    Du har nok vore uheldig å bytta om gps-spor frå Grøtdalstindane og Jakta. Var litt i stuss når tittel var Jakta frå Øye og det berre var 1100+ høgdemeter. Fann forklaringa når eg sjekka GPS-sporet ;)

    • -
      avatar

      Sv: GPS-spor

      Written by myrlas 01.10.2017 13:34

      Skal korrigere det. Takk for tips :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.