Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (473)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
Kvitenova søraust for
- Dato:
- 01.04.2021
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 4:56t
- Distanse:
- 17,8km
Skitur til denne toppen, som pussig nok ikkje ser ut til å ha fått noko namn.
Fint nysnøføre og til dels fint ver, så eg gledde meg til endelig å få litt godt skiføre ned att.
Opp mot toppen skya det til, og det vart skikkeleg blindeføre ned att. Då det i praksis ikkje var mulig å sjå konturane i landskapet, måtte eg dessverre berre ta det veldig med ro for ikkje å plutseleg renne ned eit bratt heng.
Men fin natur og fint føre elles, ein tur som fristar til gjentakelse ved både gode snøforhold og fint ver.
Solashaugen og Klinkenberg
- Dato:
- 30.03.2021
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 4:00t
- Distanse:
- 11,8km
Fin tur på desse to toppane. Varierande føre, alt frå ganske fast og fint å renne, til fullt gjennomslag! Der det var fast snø, vart det ein fin og artig tur.
Toppturar i Kvitfjellsområdet
- Dato:
- 07.03.2021
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 4:15t
- Distanse:
- 17,8km
Vart skitur hit i dag, berre to dagar etter at eg parkerte på same parkeringsplass (då eg gjekk til Gråkampen).
Turen gjekk først i skiløype, med avstikkar mot Kvitfjell, og avstikkar mot Segelstadsæterkampen. Oppå desse toppane var det kraftig vind, det litt spesielle var at vinden ikkje vart kraftig før plutseleg kring 1030 m.o.h., dermed var ikkje vinden så kraftig på Hestknappen.
Gjekk tilbake nordover mot Hestknappen, der eg tok av frå skiløype og ned gjennom skogen før eg knalla opp mot toppen på nordsida. Krevande nedtur då ein tynn gjennomslagsskare i øvre del gjorde det krevande å skrense og ploge, det var egentlig berre å renne rett ned utan å bremse som galdt :) Kom inn på skiløypa lenger nede, og der var det ein grei transportetappe tilbake til utgangspunktet.
Gråkampen
- Dato:
- 05.03.2021
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 3:59t
- Distanse:
- 16,4km
Fin skitur til Gråkampen. Gjekk villski oppover gjennom skog og fjellterreng. Gjekk ein enklare veg ned att, til oppkøyrt løype via Skardbua og så full fart ned att.
Høgåsen
- Dato:
- 13.02.2021
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 1:55t
- Distanse:
- 13,9km
Skottåsen
- Dato:
- 13.02.2021
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 1:39t
- Distanse:
- 9,6km
Skitur i området, der eg tok ein avstikkar mot Skottåsen. Djup snø gjorde det vanskeleg med langrennski, men eg kom opp.