Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Breiddalseggi

Dato:
14.04.2025
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
14,7km

Dagens nye topp vart Breiddalseggi. Med fint ver, god utsikt og til dels nysnø oppå skare, vart det ein bra tur. Fin tur for oss med fjellski og som gjerne unngår skredfarleg terreng :) Men greit å vite kor ein skal gå i tilfelle skodde og blindeføre, då det er litt skrentar og brattheng her og der.

Kart    

Røgnhøgda

Dato:
29.03.2025
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
22,9km

Super tur til Røgnhøgda i dag. Eg valde å bruke langrennski då cirka 18 km av denne turen ville gå i spor. Det gjekk greit å gå i terrenget til Røgnhøgda elles, sjølv om her hadde nok fjellski gjort meir nytten. Det var skareføre med enkelte stader ein sokk gjennom. Eg var litt uroa over om sola ikkje ville kome slik at eg fekk med meg solformørkelsen denne dagen. Men det gjorde den, så eg fekk den fint med meg :) Hadde også investert i nye solformørkelsesbriller ;) Det blåste godt på toppen, elles var det varmt og "lummert" då eg kom ned til oppkøyrde spor igjen.

Kart    

Sollifjell

Dato:
03.05.2024
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
5,0km
Kart    

Søre Bølhøgda

Dato:
21.04.2024
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
13,5km

Ein fin dag i Venabygdsfjellet. Skiføret var ei blanding av nysnø, vindblåst snø og skare. Generelt greit føre. Lite folk i fjellet her, noko som delvis kan skuldast stoppforbud langs vegen. Men då er vi ikkje altfor mange som forstyrrer villreinen heller.

Kart    

Snørvillen

Dato:
13.04.2024
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
10,6km

Kart    

Svartfjellet

Dato:
01.04.2024
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
17,2km

Langrennstur i fint og hardt/vått føre. Utanfor løypene var det skare med tynt snølag på toppen, noko som gjorde det fint å renne ned frå Svartfjellet sjølv med langrennski. Distansen er justert noko, då butikkhandel ved parkeringsplassen vart med på sporinga ved ein feil :)

Kart    

Høgefjellet og Tverrfjellet

Dato:
29.03.2024
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
18,2km

Fin og litt slushy skitur i "Stryn vest".

Kart    

Kriksfjellet

Dato:
23.03.2024
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
23,1km
Kart    

Gjesbodsåsen

Dato:
10.03.2024
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
12,3km
Kart    

Stulshøgdin

Dato:
07.05.2023
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
5:00t
Distanse:
19,4km

Kart