Archive - Date
Archive - Activity
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Other trip (2)
- Expedition (2)
-
Ski trip (258)
- Backcountry skiing (73)
- Cross-country skiing (176)
- Trip by foot (484)
Snøåsen
- Date:
- 28.05.2017
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 6.3km
Fin tur til Snøåsen. Først skogsveg, deretter blaute restar av traktorveg, så delvis sti. På nedturen unngjekk eg det blautaste terrenget, men det vart noko meir smyging innimellom tre.
Med litt meir tilrettelegging og litt hogst på toppen, har dette potensiale til å bli ein ganske OK topptur.
Fuglbakken
- Date:
- 23.05.2017
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 6.8km
Tur til Fuglbakken. Turen gjekk opp langs skogsveg som låg fint i terrenget. Rett før toppen tok eg av ein sti og så ikkje sti. Litt buskas og myrtrakking for å kome til toppen, men eg kom opp :). Erfaringsmessig brukar slike toppunkt å vere skogdekt, men her har det vore hogst få år tilbake, med flott utsikt frå toppen. Nesten rart det ikkje går fleire her (lite spor/ingen sti opp mot toppen), tatt i betraktning utsikten.
Ned att gjekk eg delvis same veg, men fann ein sti som var skilta med "Tur 19" ned mot bilen.
Dokkampen (og Obleikhaugen)
- Date:
- 30.10.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 8.4km
I utgangspunktet ein fin tur, men vart krevjande pga 10-20 cm snø av den tunge sorten. Dette var nok siste fotturen i denne høgda denne sesongen.
Dokkampen var målet for akkurat denne turen, men eg registrerte nokre minitoppar på turen.
Eg registrerte også eit GPS-spor via appen frå Dokklia til Obleikhaugen (ca 1,8 km tur-retur), men dette er ikkje kome fram på denne sida. Inntil vidare registrerer eg denne turen her. Ein meir ålreit tur pga god sti (T-merka) som var godt opptrakka i snøen. Men utsikten var utan tvil best på turen til Dokkampen.
Under er det ei rekke med utsiktsfoto frå toppen av Dokkampen:
På veg tilbake passerte eg Butjørnet, sjå foto under:
