Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (2)
- Expedition (2)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
-
Fußtour (473)
- Bergtour (205)
- Jogging (4)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (247)
-
Skitour (258)
- Langlauf (176)
- Tourenskilauf (73)
UTM-rutetur med Søtefjellet som bonustopp
- Datum:
- 11.07.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,0km
På denne turen til Søtefjellet i Os vart det samla inn 5 nye UTM-ruter (som var hovudføremålet med turen). No manglar det berre cirka 10 av totalt cirka 450 ruter i Bergen før dette prosjektet er komplett.
Det var godt og varmt, og slitsomt oppover når temperaturen ligg på kring 25 pluss. 1,5 liter vatn var for lite, men det gjekk greitt å fylle på ein plass, i eit elles tørt elveleie.
Klokka slutte å logge på tur ned, då logga eg resten av turen med Peakbook-appen, slik at det totalt blir 10,9 km.
Eggene - nok ein gong 100 % pott i Bergen
- Datum:
- 11.07.2018
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:10h
- Entfernung:
- 2,8km
Nok ein gong har eg fått full toppott i Bergen, etter at lista stadig er utvida etter at eg flytta der frå i 2009. Skal tru om topplista etterkvart kjem opp i 90 stk. :). Eg var tydelegvis ikkje nøye nok då eg oppretta lista i mi tid.
Tur i fin skog, særleg mot toppen, men terrenget bar preg av at det ikkje var flittig i bruk av turgåarar, og toppen er nok mest av interesse for oss med samlemani!
Langlihaugen
- Datum:
- 01.07.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 4,6km
Flott tur til Langlihaugen. Liten topp med gjev utsikt! Godt og varmt i lufta.
Smørkampen
- Datum:
- 01.07.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 2,4km
Tur til Smørkampen. Fråver av stiar frå Smørkampsætra og oppover indikerer at øyveringane ikkje er klar over at dette er ein topp :)