Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (484)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
Pinsetur til Skruvdalstinden
- Dato:
- 06.06.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:04t
- Distanse:
- 14,4km
Første helg med open veg til Liomseter.
Turen gjekk frå Liomseter langs T-merka sti til Skruvdalsbua. Deretter tok eg av mot toppen. Fann ikkje sti først, men fann ut at eg hadde teke av litt for tidleg, så turen ned gjekk via god sti. Fin utsikt mot fjella i vest og snødekte Valdresflya. Turboka indikerer at toppen er godt besøkt, men at eg var første registrerte turgjest dette året.
Var krevjande sti med mange bekkekryssingar, og ein plass der ein måtte vasse over.
Ongsjøfjellet
- Dato:
- 30.04.2022
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 4:19t
- Distanse:
- 12,8km
Fin skitur til Ongsjøfjellet. Lite snø i fjellet no, så eg trur at dette vart siste toppskitur denne sesongen.
Vanlegvis kan nok turen gåast meir "rett fram" enn det sporet indikerer, men snøforholda gjorde at det vart litt utfordrande å kome seg fram.
Skarsteinsfjellet
- Dato:
- 15.04.2022
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 6:44t
- Distanse:
- 23,0km
Flott tur til Skarsteinsfjellet med god og fast nysnø med lite vindblåst snø.
