Svært fin hausttur til Kolla, i strålande ver, som ein ser. Turen starta på relativt god sti, som vart gradvis dårlegare. Det gav likevel ingen dempar på turhumøret :)
Utsikt mot dagens turmål.
Fin utsikt frå toppen.
Fin utsikt, med Fatfjellet til venstre i fotoet. I bakgrunnen (høgre del av biletet) kneisar Store Sølnkletten.
Utsikt mot fleire toppar, mellom anna Skarhøa og Fatfjellet, som eg vitja nokre veker tidlegare.
Storhøe midt i biletet. I bakgrunnen på venstre sida kneisar Store Sølnkletten, medan i bakgrunnen på høgre side er staselege toppar i Rondane.
Utsikt mot Einståkåhøi.
Fin utsikt mot innsjøen Fundin og Einunndalen
På veg ned att beinvegen. Vi ser mot Storvollen, der eg starta og slutta turen.
Nede ved bilen att. Skal tru om eg eigentleg er på den amerikanske prærien.
User comments