Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Hårshovden

Dato:
17.10.2020
Kart    

Lysekammen

Dato:
14.10.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
9:00t
Kart    

Regnådalsheii

Dato:
03.06.2020
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
10:30t

Bar med ski og gjekk på grusveg mot Veiåstøylen som var stengt med kjetting. Kunne ta på ski på ca 840 moh, og gjekk via vestsida av Lomstjørn opp mot Slarvedalen, 1225-toppen og Regnådalsheii. Vidare sørover til Hågeheii, Kjelkebrokkheii og Undermigheii. Litt meir skyer denne dagen enn dei foregåande dagane. Værvarslet gjekk ut på utrykt for enkelte regnbøyer i Agder og Telemark så eg rekna med det skulle gå greit. Det tjukna til i søraust og haurte fleire tordenskrall på veg til Undermigheii. Denne toppen viser seg nå å vere hårfint under pf 100 etter at ØK har fått 1 m-koter. På retur nordover kom uværet over meg og flerie lyn blei etterfulgt av tordenbak etter bare 2-3 sekunder. Snaut 1 km unna altså. Ingen dramatikk, men var ikkje høg i hatten mens det stod på. >>>

Kart    

Krakefjell og Fagervassknuten

Dato:
01.06.2020
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
9:15t

Mindre snø her enn lenger vest, men stort sett samanhengande skiføre frå vegen. Gjekk via Djupetjørn over Bergeheii, og over dei to jamnhøge toppane på Krokevassnuten. Så ned over Krokevotni og sørover via Sjauskjerheii til Krakefjell. Her er det jernbolt/ trigpunkt oppå kampestein. Klarte å klatre oppå. Så nordover til Storeheii der eg gjekk opp ei snørenne i vestsida. Vidare til Fagervassknuten der eg gjekk opp ei sørvendt renne som var snøfri øverst. Vidare til fots opp vestryggen. Retur nordvestover og var då oppom Vardeknausen før eg traverserte langs nordsida av Bergeheii og fulgte spora mine tilbake til Myklevatn.

Kart    

Vierheii og Vardsvasseggene

Dato:
31.05.2020
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
7:30t

Gjekk frå vestsida av Håhellervatnet over vatnet forbi Håhellerhytta og opp langs Smogedalen til Øyuvseggin. Det var stor trafikk på Suleskardvegen og mange som stoppa for å ta bilder av dei imponerande brøytekantane. Rant ned forbi sørenden av Knutstjørn. Her var ein gjeng som rasta. Eg prøvde å passere på god avstand, men ein gutt kom mot meg og spurte om eg ville ha lapper. Eg takka sjølsagt ja til det, og fekk både lapper og kaffi. Gjekk så vidare til Kalvetjørnknutane, og så nordover over Gunnarsvatnet og Ivlungsvotni og opp til Vierheii. Så vestover til Vardsvasseggene og via rosskreppdammen tilbake til Håhellervatnet.

Kart    

Urdalsknuten

Dato:
30.05.2020
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
11:30t
Kart    

Lidvoren og Dansarfjellet

Dato:
29.05.2020
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
9:15t

Brokke-Suleskardvegen åpna etter vinterstenging fredag 29. mai kl 12. Dette skal ifølge erfarne brøytefolk være den mest snørike våren i denne vegens 30-årige historie. Måtte dermed utnytte det fine veret pinsehelga til vårskiturer i Setesdalsheiane. Gjekk frå Håhellervatnet forbi Håhellerhytta og nokonlunde langs sommerstien til Sandvasskvæven. Så sørover Sandvatnet og Nordra Monsvatnet og opp nordvestsida til den namnlause 972-toppen nord for Lidvoren. Usikkert om den er pf 100 sidan ØK har 20 m-koter. Vidare over Lidvorens to topper og sørover til Dansarfjellet, og så over Falkarheii og ned nordover Søra Monsvatnet og inn på spora mine igjen på tilbaketuren. Anslår turen til snaut 40 km, korav mesteparten over islagte vatn med veldig gode snø- og isforhold.

Kart    

Tjørndalsknuten og nabotopper

Dato:
22.09.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
9:30t

Fulgte T-merka sti vestover til Lakkenstova. Vidare forbi hytta blei stien stedvis utydelig. Er nok liten trafikk mellom Lakkenstova og Kvinen tydeligvis. Forlot stien aust for Sandvasstjørna og kryssa utløpsbekken fra Øyvatnet og gjekk opp til Gråfjell. Vidare nordover mellom Tjørndalstjørnin og austover til Tjørndalsknuten. Vid utsikt i alle retninger unntatt i SSV der kommunetoppen Skoræ som eg var på i går stenger for litt av utsikten. Gjekk ned søraustover og langs sørsida av Reintjørn og over 931-toppen til Velifjell og Veliheii. Litt uklart kva som er høgast av dei to jamnhøge toppane, men ifølge ØK er Velifjellet høgast. Så via vestenden av Velivatnet over Skarkedalsknuten og sørover til Kvernevassdammen. Fint ver med over 20 grader i låglandet denne helga.

Kart    

Skoræ

Dato:
21.09.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:45t
Kart    

Midtstrandnuten og Hestefjellheia

Dato:
16.09.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
5:15t
Kart