Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Stortussen og Blåfjellet

Dato:
23.09.2016
Turtype:
Fottur

Regn og skodd denne dagen så eg valgte korte og enkle turer med merka sti. Var fyrst på Tusse-toppane som har sti opp frå litt nord for Haugavatnet opp til den austligste av dei 3 toppane, kalt Settemsvarden. Her var det stor varde og bok. Tok så Stortussen og Midtre Tussan og så oppom Settemsvarden igjen for å følge stien ned. Deretter kjørte eg opp til Sletta og gjekk opp til Blåfjellet. Regnet hadde nå gått over til bøyer og oppe på toppen forsvant også skodda og sola viste seg i vest nokre minutter før den gjekk ned.

Kart    

Hjelmkona og Hjelmen

Dato:
21.09.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
6:30t

Gjekk på god merka, men litt blaut sti frå Sletta over myra Tundra der det visstnok skal ha vore permafrost i tidligare tider. I Hjelmskaret gjekk eg vidare opp til Hjelmkona. Det er eit nedlagt gruveområde ved den litle tjørna nord for Hjelmkona. Vardebok på toppen og fin utskit sørover mot Trollheimen. Ned igjen til Hjelmskaret og det var skilta mot Hjelmen derfrå så eg trudde det var sti der og, men den såg eg lite til. Det var dog litt varding i bratte partier i nordaustryggen til Hjelmen. Stor varde og bok på toppen. Normalruta går opp i vestsida frå Settemsdal, og sidan Hjelmen er kommunetopp er den tydeligvis godt vitja. Eg gjekk ned igjen i den bratte nordsida. En del ur og mosegrodde sva. Hvis mosen hadde losna frå underlaget hadde eg nok fått ein ufrivillig rutsjetur >>>

Kart    

Valen og Saksa

Dato:
20.09.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
6:00t

Gjekk på skogsveg oppover og så på merka sti til Varden. Stien var lite synlig i terrenget, men det var vardebok på toppen og fin utsikt over Halsa og fjorden utanfor. Så ned til Gammeltjørna og kom inn på god sti til Saksa, men tok ein liten avstikker fyrst til Krekjefjellet. Det var lågt skydekke før middag som letta middagstid og det såg lovande ut med sol. Men skodda gjorde retrett og la seg nedpå igjen på rundt 550 moh. Oppe på Saksa var det glimtvis blå himmel rett opp, men skodda låg tjukk rundt så ingen utsikt. På veg ned hadde skydekket heva seg ein del så eg kom raskt under skodda igjen. Fulgte stien og skogsvegen tilbake til parkeringsplassen.

Kart    

Dyrstolan

Dato:
19.09.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
6:30t
Kart    

Torfjellet og Tuva

Dato:
17.09.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
6:30t

Det var meldt regn denne laurdagen og regnet kom i 11-tida. Periodevis opphald men venta til i 16-tida da regnet gav seg og det klarna opp i vest og sola kom. Frå parkeringsplassen sykla eg nedover mot Storlykkja og gjekk så på merka sti opp til Torhøtta, som har vardebok, og vidare over Langskarven mot Gråurfjellet. Høgaste topp Torfjellet hadde ikkje sti, men stien går til vesttoppen Gråora som har vardebok. Fulgte så stien ned på nordsida til vestenden av Storvatnet der det er ein gapahuk. Vidare vestover på sti gjennom myrete terreng og opp til Tuva som og har vardebok. Så på stien ned sørover i månaskin og inn på setervegen tilbake til parkeringsplassen.

Kart    

Jørenskardfjellet og Ruten

Dato:
16.09.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
8:15t
Kart    

Resfjellet

Dato:
15.09.2016
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:45t
Kart    

Forollhogna

Dato:
02.10.2014

Fra Dalsbygda i Os går det sjølbetjent bomveg (60 kr) oppover Vangrøftdalen som eg kjørte til Såttåhaugen. Derfra sykla eg på den dårlige traktorvegen oppover mot Forollsjøen. Stedvis smale og djupe spor som gjer det krevjande å sykla. Gjekk så oppover sørryggen til Forollhogna på god sti. Traff her først 2 stk og så 3 stk til som var på veg ned. På toppen traff eg ein til som hadde sprunge opp frå Bakksætra. Ganske klar sikt denne dagen men litt disig langs horisonten i vest. Gjekk et par km videre nordover på stien som går opp fra Bakksætra og var oppom Storsalen før eg returnerte langs vestsida av Forollsjøen og sykla tilbake til Såttåhaugen. Ca 8t, korav minst 1t pause på Forollhogna.

Knutshøer

Dato:
09.10.2012

Parkerte på Grønbakken på austsida av E6 ca 6 km nord for Hjerkinn. Herfra gjekk eg langs E6 et lite stykke før eg kom inn på en grusveg (låst bom) til Gåvålisætra og så på en sti en snau km videre til Sandbekken. Ifølge kartet var det sti videre oppover langs Sandbekken men den forsvant fort i terrenget så det blei tung trasking i myr og småkratt opp til ca 1300 moh der det blei hardere underlag. Greit videre opp til Syndre, Midtre og Nordre Knutshøa. Ned igjen gjekk eg noenlunde strakt sørsørvestover rett mot Gåvålisætra tilbale til Grønbakken. 7t på tur i klarver, nordavind og drøyt 10 cm puddersnø.

Kart