Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Vassdalstinden

Dato:
02.10.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:15t

Kjørte den sjølbetjente bomvegen frå Ørsta til Vallasætra. Herfrå fulgte eg skilta sti bratt opp Bukkedalen og så i ei austvendt renne opp til Vassdalstinden. Bok i ein gammal blikkboks på toppen. Vidare nord til Hetta er eggen for stygg og bratt så eg måtte eit stykke ned i austsida før eg traverserte langs fjellsida til sadelen og så greit opp til trigpuktet på 1125 som er luftig. Fulgte så eggen aust- og sørover et stykke før eg gjekk ned i Bukkedalen tilbake til Vallasætra. Ein periode med sol middagstid, men så for det meste overskya og nokre regnskvetter. Tok sjansen på å gå uten regnklede og det gjekk heldigvis greit.

Kart    

Saudehornet og nabotopper

Dato:
01.10.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:45t
Kart    

Koppefjellet

Dato:
30.09.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:45t
Kart    

Dukhornet og Langhornet

Dato:
29.09.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
9:30t

Kjørte opp til Rognestøylen dagen før for turen til Kvasshornet og Storetinden og ville i dag ta turen til Dukhornet. Dukhornet bestiges lettast via sørryggen, men for meg var det via nord- eller vestsida som var aktuelt i dag. Bratte partier her og i boka "Fotturar på Sunnmøre" står det: "Den bratte klyvinga opp nordegga er ikkje like kjekk for alle". Då tenkte eg det måtte vera kjekk klyving for meg sidan det nå var gode forhold med turr vind og ei veke utan regn. Gjekk på tydelig sti opp til skaret mellom Rognestøyldalen og Bakkedalen på snaut 650 moh. Herfrå gjekk eg opp den bratte men lettgåtte vestvendte fjellsida til eg kom opp på nordegga drøyt 100 hm under toppen. Egga direkte såg ut til å bestå av mosegrodd stein som ikkje er det kjekkaste eg veit. Såg meg derimot ut >>>

Kart    

Kvasshornet og Storetinden

Dato:
28.09.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
10:15t

Kjørte den sjølbetjente bomvegen til Rognestøylen og fulgte stien forbi Rognestøylsvatna. Forlot stien etter myra og gjekk gjennom skogen opp til Inste Tverradalen. Her er det ein svak sti opp frå Rognestøylen. Eg ville ikkje gå den stien opp pga myra mellom Rognestøylsvatna. oppe i skaret på snaut 1100 moh gjekk eg opp sørvestryggen til Jolhornet og Kvasshornet. Et hakk oppe på eggen kunne greit omgås i vestsida. Returnerte via austsida til skaret igjen og gjekk over 1363-toppen til Storetinden som er ein meter lågare enn Kvasshornet. Så ned igjen til skaret og tilbake til Rognestøylen same veg som opp. Overnatta i bilen og gjekk på Dukhornet og Langhornet dagen etter.

Kart    

Dalegubben

Dato:
27.09.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
9:15t
Kart    

Store Brekketinden

Dato:
26.09.2017
Turtype:
Alpintur
Turlengde:
10:30t

Tur i lag med mortenh (Morten Helgesen) , Þróndeimr (Christian Nesset) og Astri (Astri Gridseth Flø) på siste dag av PB-treffet. Tok ferja frå Sæbø til Lekneset, og eg sat på med Morten opp til Myrsætra. Bompengefri veg her nå, og me parkerte på sørsida av elva. Fulgte T-stien mot Patchellhytta til Steinreset der me tok av stien og gjekk opp til Brekketindbreen. Så tok me på sele og tau for å krysse breen opp til skaret sørvest for Store Brekketinden. Fleire klyvepartier frå breen til toppen. Det var frivillig om me ville la oss sikre eller ikkje, men eg var komfortabel me å gå uten sikring. Hadde ein god pause på toppen i det flotte varme seinsommarveret og skreiv oss inn i vardeboka. På veg ned var Christian oppom S1-toppen som er avansert klatring grad 5-6 eller noko i den dur. Litt for teknisk til at det var noko å prøve for min del, men spennande >>>

Kart    

Snøhornet

Dato:
25.09.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:30t
Kart    

Vardane på Sula

Dato:
24.09.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:00t
Kart    

Hareidlandet og Gurskøya

Dato:
23.09.2017
Turtype:
Fottur
Kart