Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Svinstølnuten og Snønuten

Datum:
18.04.2009
Karte    

Kvitafjell, Hallbrekknuten og Gallhøpiggane

Datum:
11.04.2009

Gjekk på ski frå Tveitabrekka opp til Kvitafjell og videre vestover til vatn 888. Det var lett regn i lufta og eg tok en matpause på vatnet i ly av vinden frå sør. Det kom plutselig et kraftig tordenbrak og noen store hagl. Etterpå gjekk eg opp i austsida til Hallbrekknuten. Veret roa seg ned men disig luft gjorde at utsikten ikkje var allverdens. Gjekk så videre vestover over Midtstølknuten til Gallhøpiggane som er et litt kaotisk område med tre topper over 1000m. Tok av skia for å bestige dei tre toppane. Det var nå enkelte solgløtt i vest. Gjekk så ned over Øyavatnet og opp til vatn 888 igjen og langs Nonsbekken ned til Øvstabøstølen i 21-22-tida og fekk då sjå det flotte fyrverkeriet som er tradisjon påskeafta.

Karte    

Stakkavassheia og Holmaheia

Datum:
10.04.2009
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
12:00h

Parkerte ved rv 42 ved Espetveit og gjekk på ski på vegen langs Nespervatn og Førevatn til Kulivatn og gjekk først oppom Kuliknuten og så vestover til 852 til Stakkavassheia og ned over Stakkavatnet til Holmaheia. Gjekk så ned mellom indre Fiskeløysvatnet og Stakkavatnet opp til Perstørne. Gjekk så austover tilbake til Kulivassdammen og fulgte vegen ned igjen til Espetveit. Denne vegen som går langs vestsida av Nespervatnet er ikkje integna på eldre kart. Det var overskya men oppklarnande og disig etter middag og veldig mildt denne langfredagen. Turen blei lenger enn planlagt og varte i ca 12t.

Karte    

Skibufjellet og Gryteheia

Datum:
29.03.2009
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Gjekk på ski frå Stavtjørn alpinanlegg sørover opp Kaldrassheia og så opp sørvestryggen til Skibufjellet. Der var det bratt og eg bar skia et stykke. Gjekk over store Grytevatnet til Gryteheia der eg hadde ein lengre pause. Så vidare austover Tindeknuten, nordover til Urknutane og austover til Ratevassknuten og Springknuten. Rant ned den slake nordaustskråninga til Hommadalen og gjekk vestover over Barbuvatnet og ned Sandvassdalen i preparert skiløype til Stavtjørna og så en drøy km gange opp til alpinanlegget. Det var lettskya ver, men 30-40 cm nysnø frå dagane før så det var en tung og tidkrevande tur.

Karte    

Nuten og Kjerringfjellet

Datum:
28.03.2009
Karte    

Hodnafjellet

Datum:
24.03.2009
Karte    

Stølafjellet og Håfjellet

Datum:
01.03.2009
Karte    

Dyrafjellet og Kjølleknuten

Datum:
28.02.2009
Karte    

Blåfjellenden

Datum:
14.02.2009
Karte    

Laugarheia

Datum:
31.01.2009
Tourcharakter:
Schneeschuhtour

Gjekk frå parkeringsplassen på sørsida av Ørsdalstunnellen på truger oppover Austdalen. Snøen var forholdsvis fast, men trugene var gode å ha. Ved vestenden av Laugarvatnet gjekk eg sørover opp den relativt bratte fjellsida som var litt isete men hadde feste med klørne under trugene. Gjekk over dei to 778-toppane før eg gjekk opp på høgaste toppen. Var seint ute og fekk dermed sjå en fin solnedgang ca kl 16.45. Gjekk ned igjen den slake skråninga nordaustover og gjekk så over Laugarvatnet og ned Austdalen mens en månesigd lyste på sørvesthimmelen. Fint ver med frost og litt søraust vind denne laurdagen.

Karte