Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Vårskitur i indre Forsand

Datum:
26.04.2014
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
12:00h

Sykla på anleggsvegen frå Ådneram til Duge kraftverk nedanfor svartevassdammen. Vegen blei brøyta opp i slutten av mars pga utbetringsarbeid på demningen. Gjekk på ski over Grauthellervatnet forbi turisthytta og vest- og nordover over sørvestre del av Svartevatnmagasinet. Så vestover til Klumpen og nordvest til den namnlause 1174-toppen. Så austover via Tverråflærne til Svåhellerheia og Loneknuten. Rant så ned sørover ut på Svartevatnet til demningen og ned til Duge. Ca 1t å sykle kvar veg og 10t skitur i fint men disig og varmt ver.

Karte    

Strandvassknuten og Gjuvheia

Datum:
15.04.2014
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Skitur over Litla Sandvatnet opp til skaret mellom Iglandsklubbafjellet og Molteheia ned til Lyngsvatnet. Veldig bratt ned til vatnet på denne sida, men går greit via tjern 731 så lenge det ikkje er rasfare. Vidare over austre del av Lyngsvatnet til Storaneset, og sørover opp til Bjørkelifjellet og austover til Strandvassknuten. Så vestover igjen og ned i Dyrskarddalen og opp til Gjuvheia. Rant så ned nordover ut på Lyngsvatnet igjen, og vidare vestover opp via tjern 731 tilbake til Litla Sandvatnet.

Karte    

Siriknuten, Venelifjell og Falkekollen

Datum:
03.04.2014
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Parkerte langs Rv 42 ved Espetveit. Bar med ski og gjekk langs Nespervatnet opp til Kulivatnet der eg kunne ta på ski. Godt skiføre over 600 moh, og gjekk over Roneknuten, Nordheia, Siriknuten, Eldsteinen, Venelifjell og Falkekollen. Rant så ned til Kulivatn igjen og gjekk tilbake til Espetveit.

Karte    

Høgknuten og Bringeknuten

Datum:
31.03.2014
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Gjekk frå Maudal kraftverk i 10-tida oppover på anleggsvegen mot Stora Myrvatnet. Forlot vegen i den første hårnålssvingen på snaut 500 moh. Derfrå går det ein sti mot Brudle og Jensastølen som eg fulgte. Tok på ski då eg kom på samanhengande snø over 600 moh. Kryssa Jensavatnet og gjekk opp til Flassevannsbergene og vidare austover til topp 845 og Leitesknuten. Så sørover til Høgknuten og sørvestover til Bringeknuten. Vidare nordover til Jensavatnet igjen og tilbake same vegen ned til Maudal. Mykje snø etter ein snørik vinter og gode føreforhold på vårsnø.

Karte    

Hest og Holmaheia

Datum:
29.03.2014
Karte    

Molteheia og Rasmusskardheia

Datum:
24.03.2014

Skitur frå Litla Sandvatnet. Det kom ca 27 cm tørr nysnø i dette området i helga. Litt tungt føre men gjekk stedvis i skuterspor. Var først på Molteheia og så på Filleheia og ned over Hefteholstørna og opp på Rasmusskardheia og ned på Litla Sandvatnet igjen. Strålande sol heile dagen og austleg frisk bris etter middag.

Karte    

Hommeknuten og Storliknuten

Datum:
01.03.2014
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
6:00h

Skitur fra Mydland. Gjekk bratt opp under høgspentlinja opp til Hommeknuten. Postkasse med vardebok på toppen. Ca 20 cm med fuktig nysnø så kom tidligare i veka over 500 moh så det klabba ein del under skia. Gjekk så sør- og vestover til Brekkeknuten og videre til Storliknuten som har to omtrent like høge topper eg var oppom. Rant så ned over Hestevatn og oppom Nodhedla før eg fulgte vassdraget vestover til Stemmetjørna og så nordover til Eigelandsdalen. Passerte elva på ei bru og bar så skia langs Rv 42 opp til Mydland. 6t rundtur i overskya mildt ver.

Karte    

Skitur til Vådlandsknuten

Datum:
17.02.2014
Karte    

Vinterfottur til Frafjordhatten

Datum:
11.02.2014

Fottur frå Håland i indre Frafjord. Gjekk opp Norddalen Snø over ca 400 moh. Gjekk over Stølsvatnet og Fodnastølsvatnet og opp i austsida til Hatten. Nærare ein halv meter snø så eg sokk ned i, men blei litt hardare over 700 moh. Ganske fint ver men en del vind frå søraust. Gjekk ned på vestsida til Valevatnet og Lauvvatnet for å måle isen. Isen var stort sett 18-27 cm, men på nordaustre delen av Valevatnet var det områder med bare tynne islag på 2-6 cm. Brukte isøksa som søkestang og kom meg greit i land. Gjekk så videre langs sørsida av åna og tilbake over Fodnastølsvatnet og Stølsvatnet ned til Frafjord.

Karte    

Iglandsklubbafjellet

Datum:
05.02.2014
Karte