Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (5)
-
Other winter trip (13)
- Snowshoe trip (13)
-
Ski trip (130)
- Backcountry skiing (128)
- Cross-country skiing (2)
-
Trip by foot (521)
- Alpine trip (2)
- Hike (408)
- Hillwalk (102)
- Walk (7)
Archive - Geography
Peakbook-Friends
Collected lists
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- 2000m 20m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Gjesdal 50m pf
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Favourite peaks
Horsknuten
- Date:
- 24.02.2017
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:30h
Gjekk opp frå nordsida og drøyt 200 hm oppstigning til Horsknuten. Ingen sti men ikkje så krevande terreng som det ser ut. Kva namneopprinnelse denne toppen har kan eg bare spekulera i, og det er vel at den ser så alpin og tilsynelatande ubestigelig ut. Tilsvarande det meir kjende fjellområdet vest i Jotunheimen.
Var spent på om det gjekk greit å gå ned på sørsida som har endå brattere fjellside. Det viste seg uproblematisk med bare litt enkel klyving. Gjekk så vidare sørover til Ørnalemmen og Bukkedalsknuten og til slutt Krågå før eg gjekk ned til Sundvor og fulgte vegen opp igjen til utgangspunktet.
Vådlandsknuten
- Date:
- 31.01.2017
- Characteristic:
- Snowshoe trip
- Duration:
- 7:30h
Flott solskinsdag etter at det kom 20-25 cm nysnø over 600 moh på sundag. Gjekk til fots langs Fossbekken og over Fisketjørnane og tok på trugene i austenden av Indra Fisketjørn. Det var fotspor i snøen langs stien oppover mot Vådlandsknuten. Oppe på drøyt 700 m kom eit par nedover mot meg og dei hadde nettopp vore oppe på Vådlandsknuten. For min del var eg glad eg hadde truger sjøl om det var ferdigtråkka spor. Etter ein kort pause på toppen gjekk eg ein ekstrarunde aust- og sørover over Langavatn og Vådlandsvatnet for ismålinger med øks. Siste del av turen tilbake i same spor som opp mens det var nymånesigd på kveldshimmelen.
Vallresknuten
- Date:
- 27.01.2017
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 4:00h
Mild vinter og uvanlig lite snø for årstida. Det var omtrent ikkje snø i alpinbakken. Fin dag med litt frost i bakken så det var gode fotturforhold. Lenger oppe var den snøen som låg igjen fast og fin å gå på. Fulgte grusvegen meste til topps av alpinbakken og så ein nødla sti vidare til Vallresknuten. Stien går langs nord- og austsida av Måkavatnet, men eg gjekk over isen som er kortaste veg. Hadde med øks for ismåling og registrerer målingar på eit iskart og får dermed statistikk på isforholda frå år til år. Søraustlig frisk bris så det var hustrig nok sjøl om det var få kuldegrader.
Stutaheia
- Date:
- 21.01.2017
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 8:30h
Etter ein føremiddag med lågt skydekke klarna det opp og blei flott ver og eg såg mitt snitt til å sesongdebutere med skitur frå Hunnedalen. Mildveret siste 2-3 dager hadde tært en del på snøen, men ikkje så gale så eg hadde frykta. Snøen begynte å få skorpe i klarveret og det gjorde ikkje festet så godt men gjekk likevel greit.
Gjekk frå Tverråna nordover og fulgte vinterruta til Øyarvatnet. Det var mildt i høgden tross klarveret så uvanlig mildt til å vera i januar. Avblåst og lite snø på rygger og topper, men ellers samanhengande skiføre. Fleire andre var og ute på ski i området nord for Tverråtjødna. Nådde Stutaheia akkurat før sola gjekk ner, og rant vidare ned austover til Sandvatnet.
Temperatur viste 4 varmegrader på Sandvatnhytta så lurer på om den viser >>>