Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (15)
- Schneeschuhtour (15)
-
Fahrradtour (11)
- Fahrradtour gemischt (11)
-
Fußtour (541)
- Bergtour (106)
- Hochtour (2)
- Spaziergang (7)
- Wanderung (424)
-
Skitour (130)
- Langlauf (2)
- Tourenskilauf (128)
Archiv - Nach Geografie
Peakbookfreunde
Gesammelte Listen
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- Norwegen Festland - 2000m, 20m pf
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Strand 50m pf
- Norwegen Festland - 2000m, 10m pf
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- Gjesdal 50m pf
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Sandnes 50 m pf
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Bjerkreim 50m pf
- Stavanger 50m pf
- Jotunheimen ≥ 100m pf.
- Sør-Norge ≥ 500m pf
- 1800m ≥ 100m pf.
- Norske kremtopper av E.W.T
Lieblingsgipfel
Kråkehorten
- Datum:
- 05.10.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:00h
Fulgte stien mot Stakken eit lite stykke og gjekk så ut i terrenget vestover over den namnlause 880-toppen og vidare opp på Langåsen. Så sørover på lettgått snaufjell til Kråkehorten. Skal ifølge kartet vere trigpunkt på toppen, men såg hverken jernbolt eller trerester, men det er ein halvstor varde. Gjekk ned austover over 919 og 854 og langs sørsida av utløpsånå frå Tjørnastølstjørna. Kom då ned til eit anleggsområde/ lagerplass i nordenden av Breiavatnet. Så på veg siste korte stykket tilbake til Nilsebudammen. Tur til Bukkatofjellet og nabotopper dagen etter.
Det bygges i perioden 2018-2021 ny 420 kV høgspentlinje mellom Lysebotn og Sauda så det er derfor anleggstrafikk med bl.a betongbiler på vegen mellom Lysebotn og Nilsebudammen. Helikopter brukes for å frakte betong ut i felten til støyping >>>
Kattaborga og Foreknuten
- Datum:
- 05.07.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 7:30h
Parkerte i vegkanten mellom Eltarvåg og Vier, litt sør for Nordavatnet. Gjekk opp vestover forbi ei hytte og så gjennom skogen eit kort stykke til dagens første topp Iglemyrknuten. Så vidare sørvestover mot Kattaborga. Kryssa ein nordgåande skogsveg og kom inn på ein sti som viste seg å føre opp til Kattaborga. Her kom det og sti opp både sør- og vestfrå.
Sendte i vår epost til Kartverket ang høyden på denne toppen. Økonomisk (digitalt) kart med 1 m-koter stemmer ikkje overens med vanlig kart. Kartverket vedgår at "Det er tydeligvis noe som ikke stemmer her!" Ifølge punktarkivet skal toppen av den 7,5 cm høye jernbolten være 164,027 m. Jernbolten står etter det eg ser ikkje på absolutt høgaste punkt, men ikkje langt i frå. Var også oppom ein knaus drøyt >>>
Topper rundt Seilvassdalen
- Datum:
- 13.04.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 9:30h
Dette er ein uvanlig turvariant og for spesielt interesserte. Desse toppane er normalt lettast tilgjengelig frå Øvstabø eller Hunnedalen. Då eg var på Myrfjell og Storbakknuten tre dager tidligare fant eg ut at isforholda egna seg veldig godt for sykkeltur. Isen var rundt 25 cm, men i begynnande vårløysning.
Leide sykkelen opp den asfalterte anleggsvegen til demningen i vestenden av Myrtjørna. Sykla så over isen på Myrtjørna og Stora Myrvatnet. Måtte leie sykkelen et stykke mellom dei to vatna sdan det var nedtappa etter vinteren. Totalt ca 6 km kvar veg over isen, og sykla i land i austenden ved Myrvik og gjekk opp austover til Bergan og ein rundtur over fleire namnlause topper i grensetraktene mellom Gjesdal og Sirdal rundt Seildalane eller Seilvassdalen som det står på nye kart. ØK plasserer Seilvassdalen >>>
Myrfjell og Storbakknuten
- Datum:
- 10.04.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
Parkerte ved kraftstasjonen. Hadde med sykkel som eg leide opp den asfalterte anleggsvegen opp til til Myrtjørna. Kun nokre få snøfenner over vegen lengst oppe etter ein nokså snøfattig vinter. Sykla over den islagte Myrtjørna og gjekk opp til Reiarsskaret på stort sett fast skaresnø. Hard bratt snøfonn øverst i skaret, men kom meg greit opp uten stegjern. Isøks var likevel god å ha. Gjekk over Krokavatnet, og så opp sørsida til Myrfjell. Retur same veg, men var oppom Storbakknuten før eg gjekk ned igjen via Reiarsskaret. Sykla så tilbake over Myrtjørna og anleggsvegen ned til Maudal.
Greipa
- Datum:
- 20.03.2019
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 8:00h
Fulgte oppkjørt skiløype nordover til Åkroken. Derfrå austover Sandvassdalen der eg gjekk ut av løypa og opp på Steinheia. Så nordvestover til Bjørnaknuten og vidare vestover til Greipa, før eg dreide sørover til topp 764 og 782. Rant ned til Oksevadtjørna og fulgte skiløpa tilbake til Stavtjørna. Overskya ver med enkelte solgløtt og nordvest frisk bris denne dagen. Greit skiføre i kram snø.
Gryteheia
- Datum:
- 19.03.2019
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
Gjekk opp Lomsdalen og opp til Gryteheia frå nordvest. Gjekk så over Kvernavatnet for å måle isen, og så over Tindeknuten og rant sikksakk bratt ned til Laugarvatnet og vidare ned Austdalen der eg måtte forsere ei ur og så opp til Ørsdalstunellen som eg gjekk gjennom. Lite snø under 400 moh så måtte bære skia en del på slutten. Dagen begynte med klarver og sol, men skya gradvis til frå vest. Det skvatt litt sludd og regn om kvelden, og auka på med nedbør då eg var ferdig med turen.
