Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (5)
-
Other winter trip (13)
- Snowshoe trip (13)
-
Ski trip (130)
- Backcountry skiing (128)
- Cross-country skiing (2)
-
Trip by foot (519)
- Alpine trip (2)
- Hike (408)
- Hillwalk (100)
- Walk (7)
Archive - Geography
Peakbook-Friends
Collected lists
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- 2000m 20m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Favourite peaks
Gunlanuten og Herefjellet
- Date:
- 16.11.2014
Frå Foss gjekk eg den fine grusvegen til Krokavasstemmen. Ifølge turkartet "Hjelmelandsheiane" slutter vegen ved Fosstemmen men den gjekk tydeligvis heilt opp til Skiftunstølsvatnet. Ved sørenden av Krokavasstemmen gjekk eg ut i terrenget sørover opp til Valafjellet. Det viste seg då å vera ein raudmerka sti opp til Valafjellet via austsida som eg ikkje var klar over.
Frå Valafjellet gjekk eg vidare austover til Røssenibbdalen og opp på Røssenibben. Her var det og merka sti via austsida som eg ikkje var klar over, men fulgte den ned igjen til Røssenibbdalen og opp på Gunlanuten. Etter pause gjekk eg ned vestover over Benkene uten å finne sti der. Fortsatte forbi nokre småtjørner opp på Smalaheia og vidare til Herefjellet. Høgaste toppen her er nok et par meter høgare >>>
Liaknuten
- Date:
- 04.04.2013
- Characteristic:
- Hike
Begynte turen ca kl 10 og sykla over det islagte Liarvatnet, og gjekk fottur på skaresnøen over toppane Hamrane, Knausane, Liaknuten og Svartavassknuten. Retur over Langavatnet, Vardhustjørna og Furenesvatnet. Til slutt sykkeltur tilbake over Liarvatnet.
Falkadalsknuten og Husaheia
- Date:
- 24.01.2013
- Characteristic:
- Bike trip - mixed
Lite snø etter mildveret nyttårstider og mesteparten av vegen opp til demningen i vestenden av Lyngsvatnet var snøbar. Sykla over det speilblanke Lyngsvatnet frå vestenden til austenden og tok en en del ismålinger undervegs. Høgtrykk med frost siste to veker hadde gitt tjukk is på det aller meste av vatnet. Det varierte frå 31 cm til bare 6 cm på et lite område i austenden. Gjekk opp over Falkadalspiggen til 948-toppen, og ned igjen same veien. Det var hard og isete snø over 800 moh. Tenkte ikkje tanken på å ta med stegjern så eg måtte bare droppe å gå på Strandvassknuten som eg opprinnelig hadde tenkt. Sykla tilbake igjen og gjekk oppom Husaheia frå demningen. Fin tur men det skya til i løpet av dagen.
Øksnafjellet og Lauvåsen
- Date:
- 31.08.2012
Gjekk frå parkeringsplassen på Hagalid på godt merka sti mot Skomakernibba. For å koma ut på sjølve nibba må ein gå ned i en bratt vestvendt skråning i Ulsvigjuvet et par hundre meter sørvest for Skomakernibba. Det er masse vegetasjon og småbjørk men det var stedvis vaiere i fjellveggen til å halde seg i. Var ikke oppgått sti så litt vanskelig å finne vegvalget der det ikkje var vaiere. Siste stykket greit på eggen ut på nibba.
Namnet Skomakarnibbå skal vera etter eit gammalt segn der ein dødsdømd skomaker skulle benådas hvis han kunne sitje på kanten av denne nibba og reparere eit par sko. Han forsøkte dette og då han var meste ferdig såg han eit brudefølge som rodde utover fjorden. Han mista då balansen og ramla utfor og ned i avgrunnen. Det heiter seg og at denne >>>
Rundtur frå Kleivaland
- Date:
- 27.08.2012
Gjekk frå Kleivaland i 9:30-tida på sti og grusveg opp mot Vassbotnvatnet. Litt forbi vegens høgaste punkt gjekk eg nordover opp på Storurdknoltane og så på Vikestølheia. Var oppom Turtaheia før eg gjekk ned mellom Vassbotnvatnet og Liarstrandvatnet og fulgte sti sørvestover til Ritlandsmyrane. I dette området var det ein metoritt som slo ned for om lag ein halv milliard år sidan og lagde eit krater som seinare er blitt fylt opp. Dette er eit geologisk veldig interessant område.
Det går en veg mot Ritland som eg fulgte et stykke før eg gjekk opp på Kvammafjellet som har mange toppunkter som eg måtte oppom for å vere sikker. Gjekk så sørover til Ritland. Derfra går det merka sti forbi Kløv til Trodla-Tysdal. Fulgte denne stien til stiens høgaste punkt i passet mellom Nipen >>>
Langtur i ytre Hjelmeland
- Date:
- 14.07.2012
Kjørte Rv 13 mot Årdal og Hjelmeland og plasserte en sykkel på vegen mot skytebanen vest for toppen av Ingvaldstadbrekka og kjørte et stykke tilbake igjen til toppen av Riskadalsbrekka. Derfra var det skilta og merka mot Heståsen på delvis gjengrodd sti. Så i noenlunde grei farbar skog vestover til Helgaknuten og oppom Steinsvigfjellet og på delvis gjengrodd sti ned mot Nessavatnet og så på traktorveger og stier til Ramnafjellet, Skjekkjesåsen og Heståsen til Fister og så på god veg heilt opp til Lauvåsen med Fistermasta. Derfra på merka sti over Medheia ned til Rv13 på toppen av Ingvaldstadbrekka. Sykla derfra tilbake til bilen. 12t på tur i skya til halvskya ver og ikkje altfor varmt.
Brendeknuten og Skorva
- Date:
- 21.04.2012
Gjekk frå Bjødnabu på sti det første stykket før eg gjekk over Saupstølheia og opp i skaret mellom dei to toppane til Brendeknuten. Besteig først sørtoppen som er nesten like høg som hovedtoppen. På hovedtoppen er det stor varde og ei lita bu med solcellepanel til lading av en sender. Gjekk så nedover mot Undestølsvatnet, og det var en del mjuk snø i det austvendte terrenget. Det går sti langs vatnet, men eg tok den lette veien over isen, som var ca 30 cm, før eg tok fatt på den nesten snøfrie sørsida til Kolleåsen.
Et stykke oppe i lia haurte eg hamring og banking og eg tenkte det kunne være vedhogst som foregjekk. Det viste seg derimot at det var sjølvaste "Snøhulemannen" frå Hjelmeland, som det blei laga film om for 2-3 år siden, som hogde ut steinblokker >>>
Klubbafjellet og nabotopper
- Date:
- 31.03.2012
- Characteristic:
- Hike
Gjekk frå Fv 661Songesandvegen frå avkjørselen til Lyngsvatnet opp til demningen. Isen var i full oppløysning så det blei ingen snarveier der slik eg hadde tenkt. Gjekk til fots langs nordsida av vatnet et stykke og så opp på Klubbafjellet. Snøen var farlig hard og isete i nordhellingane. Gjekk så ned i Lyngsdalen og litt ned i Rausdalen og skrådde opp til Høgehei. Gjekk ned i vestsida og opp nordaustryggen til Dukoll. Gjekk ned den nokså bratte nordvestsida (som var nesten snøfri) mot garden Åse, og fulgte så grusvegen tilbake til Fv 661. Det var lettskya ver og svak NV-vind denne laurdagen.