Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (13)
- Trugetur (13)
- Fottur (519)
-
Skitur (130)
- Fjellskitur (128)
- Langrennstur (2)
-
Sykkeltur (5)
- Blandet sykling (5)
Arkiv - Etter geografi
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- 2000m 20m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Favorittopper
Kammen og Vardafjellet
- Dato:
- 10.06.2012
Begynte turen opp til Kammen frå Røyrdalen ovanfor dirdalstunellen. Gjekk så gjennom Norstone sin tunell opp til steinbrotet. Siden dette var sundag var det heldigvis ingen aktivitet der. Ellers kjøres det tidvis natt og dag, og ein bør absolutt ikkje gå gjennom den tunellen når det er anleggstrafikk.
Var først på vesttoppen på 370 m som eg trudde var toppen siden det låg to steiner oppå kvarandre som varde. Gjekk videre nordover til Vigaknuten som har ei mast på toppen. Såg deriffrå at det var en topp til lenger aust på Kammen som kanskje var høgaste punkt, men som eg hadde oversett pga den tette bjørkeskogen. Var oppom begge toppane på tilbaketuren.
Etterpå gjekk eg frå Rage gjennom sandtaket opp i skaret vest for Vardafjellet og opp vestryggen. Vidare ned igjen på austsida >>>
Rullefjellet, Bynuten og Grytefjellet
- Dato:
- 15.04.2012
Gjekk frå parkeringsplassen ved fv 508 mellom Oltedal og Høle på anleggsveg, den såkalte Lysevegen, forbi Auratjørna og på vegens høgaste punkt gjekk eg nordover opp til Rullefjellet. Gjekk ned søraustover og over Buløyfjellet og så opp den bratte "nordeggen" til Bynuten. Gjekk så videre austover til 615 og 649 for å få litt betre utsikt austover før eg gjekk ned på sørsida av Storatjørn og opp på Kvelvane og så nordover til Grytefjellet. Denne sundag ettermiddagen var det nordvest frisk bris og det kom enkelte snø- og haglbøyer, men det var og perioder med sol. 7t rundtur.
Vådlandsknuten
- Dato:
- 08.04.2012
- Turtype:
- Fottur
Gjekk kl 15 frå den øverste parkeringsplassen forbi Madland på stien opp langs Fossbekken til Vådlandsknuten. Isen på Fisketjørnane hadde forsvunne i mars, men det var tynn nylagt is nå så måtte gå stien langs sørsida. Det var opptil 10-15 cm nysnø og spor heilt opp. Blei nr 39 i skrøydeboka til nå i år. Gjekk ned igjen over Rolighetsvatnet som var farbart og så over 714 og over Longatjørn og opp til Rundetjørnnuten. Her kom det opp frå sørsida et par andre med kvar sin fuglehund. Var overaskande å treffe på andre nå i snøveret i kveldinga, men me slo følge ned på nordsida og på T-stien tilbake til parkeringsplassen.
Vallresknuten
- Dato:
- 18.03.2012
Gjekk på ski frå Giljastølen opp langs heistraseen som hadde samanhengande snø sjøl om det var store bare partier i bakkane på sida. Eit stykke ovanfor toppen av heisen kom eg inn på ferske skispor som eg fulgte opp til Vallresknuten. Det var 3 navn i boka frå før denne dagen. Gjekk så videre austover til Horten som ifølge kartet er 1 m lågare enn Vallresknuten. Gjekk så vidare austover bortom trigpunkt 854 der det er utsyn over nedre del av Øvstabødalen før eg gjekk vidare til Omundsslåtten som har like flott varde som Vallresknuten. Returen la eg nord- og vestover for å få med meg litt utsikt ned i Frafjorddalen.
Svampaknuten og Frafjordhatten
- Dato:
- 04.03.2012
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 8:00t
Gjekk opp Norddalen til Stølsvatnet og så søraustover opp til Storaknuten. Flott utsiktspunkt over Frafjord litt sør for toppen. Gjekk så ned i skaret i Brekkedalen og over toppane 663, 722 og 742 før eg gjekk opp på Svampaknutens to topper. Gjekk ned igjen vestover og var oppom topp 672 før eg gjekk over isen på Fornastølsvatnet opp til Frafjordhatten. Skreiv meg inn i boka som den første siden 28. nov i fjor. Gjekk ned normalveien. Snø over 450moh som var hardpakka og heilt grei å gå på til fots. Brukte nesten 8t totalt på denne turen. Overskya ver og søraust frisk bris og rundt 0 grader i høyden denne sundagen.
Skitur til Vådlandsknuten
- Dato:
- 21.12.2011
Snørik førjulsvinter og gjekk på ski frå Madland i 10 cm nysnø som aukte gradvis på oppover. Forbi den øverste parkeringsplassen var det 30-40 cm gammal snø med ca 20 cm nysnø oppå så skiføret var jo veldig bra men litt tungt pga nysnøen. Gjekk over Fisketjørnane og nysnøen hadde lagt seg på isen som bestod av 2-3 cm sorpeis over 20-30 cm sorpesnø med 3-4 cm is under der igjen. Ikkje akkurat veldig trygg is så haldt relativt nær land. Lite overvatn men fekk såpass kladder under skia at det gav godt feste dei drøyt 300 hm videre opp til toppen. Skreiv meg inn i boka som nr 238 i år.
Fitjanuten og nabotopper
- Dato:
- 10.12.2011
Sykla heimefrå til Gjesdal Bygdahus og gjekk forbi fleire garder og traktorveg opp til ca 240 moh og vidare i terrenget opp til Tindafjellet og nordryggen til Fitjanuten. Fitjanuten har merka sti opp frå sandtaket aust for E39 på Auestad. Vidare gjekk eg austover til Einarfjellet og Øksnanuten ned til Tjetland og ned til bygdahuset igjen. Det låg ca 10 cm fuktig snø over 150 moh. Var stedvis glaserte veier om kvelden da det klarna opp etter nokon regn- og sluddbøyer i løpet av dagen og kvelden. Sykla over til Lima og gjekk opp til Høylandsfjell og Hengjefjellet i fullmåneskin. Fitjanuten og Hengjefjellet inngår i den såkalte Vardejakten i Gjesdal og eg skreiv meg inn i skrøydebøkene som hhv nr 1212 og 944 i år.