Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Dyranuten og Vallresknuten

Date:
22.11.2015
Characteristic:
Hike
Map    

Litlaheia og Gråtoknuten

Date:
09.09.2015
Characteristic:
Hike

Sykla frå parkeringsplassen nedover til Brådland, og gjekk på sti oppover til ca 1 km vest for Midtstølsvatnet. Så en tur oppom Tverrfjell og deretter opp den bratte sørsida til Litlaheia og så vestover til Gråtoknuten. Fortsatte vidare vestover over Brattelifjell og ned til trigpunktet på 514 m som er eit flott utsiktspunkt utover Frafjorddalen. Gjekk så ned nordover til p-plassen ved Månafossen.

Map    

Ernstknuten

Date:
08.09.2015
Characteristic:
Hillwalk

Ein del skoddeskyer nedpå fjella denne føremiddagen som bekymra meg litt, men ifølge vermeldinga skulle det klarne opp. Gjekk oppover forbi Månafossen der eg traff fleire turister som såg Månafossen. Videre forbi fjellgarden Mån på stien mot Blåfjellenden. Nå klarna det heldigvis opp og ved 429-punktet vest for Fidjavatnet forlot eg stien og gjekk opp den lettgåtte ura i Høgstøldalen over Ørnaheia der Ernstknuten åpenbarte seg. Måtte så litt ned igjen før siste oppstigninga til Ernstknuten. Stor varde på toppen og til min overraskelse var det trigpunkt ved varden. Dette er dessverre ikkje avmerka på nokon kart eg har sett. Det er fleire omtrent jamnhøge toppunkt oppe på platået men der varden står er antakelig høgaste punkt. Visste at det skulle vere eit flyvrak på >>>

Map    

Vallresknuten

Date:
12.06.2015

Frå Giljastølen. Gjekk opp langs skitrekket der det er grei grusveg opp til ca 640 moh. Derfrå er det grei sti videre opp til vestenden av Måkavatnet og langs nordsida opp til Vallresknuten. Ennå en del snø igjen over 7-800 moh pga av den uvanlig snørike vinteren. Skya ver og disig vestover mens ellers god utsikt frå toppen. Vardebok i regi av Ålgård orientering.

Map    

Vådlandsknuten

Date:
20.05.2015
Map    

Vårskitur til Myrfjell og nabotopper

Date:
10.05.2015
Characteristic:
Backcountry skiing

Etter ein uvanlig snørik vinter var det framleis mykje snø i høyden. Bar med meg ski langs anleggsvegen frå kraftverket opp til Myrtjørna. Godt skiføre og minimal skibering over 550 moh. Oppe ved demningen såg eg meg ut ei rute til Storbakknuten opp den bratte nordvestsida. Måtte bære ski i det brattaste partiet, men ellers greit å koma meg opp siden det var godt hold i snøen. Rant så ned over Krokavatnet og gjekk opp sørsida til Myrfjell. Så ned igjen og opp via nordvestryggen til Litla Kaldavassheia. Vidare austover via fleire sekundærtopper til Støle Turisthytte. Retur vestover via Jensavatnet, Krokavatnet og Holavatnet og ned til den nederste hårnålssvingen på anleggsvegen mellom Myrtjørna og Maudal. Skiføret tok slutt på ca 500 moh, og bar skia på resten av turen.

Map    

Vallresknuten

Date:
06.05.2015
Map    

Tjelmalifjellet og Kjørkjestafjellet

Date:
26.04.2015
Map    

Dypingsknuten og Frafjordhatten

Date:
17.04.2015

Kjørte over brua ved Molaug og parkerte på Håland litt aust for der kjerrevegen opp Norddalen begynner. Det står nokon reservert parkering-oppslag der kjerrevegen begynner så derfor parkerer eg litt lenger borte, ved ein liten fylling på sørsida av vegen. God gangveg oppover Norddalen. Bar med meg ski og over 400 moh var det fortsatt fleire harde snøfenner. Tok på skia etter å ha gått over brua over åna ut av Stølsvatnet. Gjekk så sørover i den austvendte bratte fjellsida opp til Kvernhusfjellet. Flott utsikt ned i Frafjorddalen herfrå. Så rant eg ned over Kroktjørna og gjekk opp til Skrubbaknuten og så videre vestover til Dypingsknuten. Herfra ned den bratte nordsida til Flæetjørn og tok så fatt på sørryggen opp til dagens hovedmål Frafjordhatten. Fekk studert utsikten >>>

Map    

Topper ved Helland

Date:
10.04.2015
Map