Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Døvikhammaren og Krossnesheia

Date:
12.11.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
8:30h

Kjørte til Døvikvågen uten å finne høvelig parkeringsplass langs vegen. Det blei til at eg kjørte gjennom eit gardstun til veis ende og parkerte (usjenert trudde eg) bak ein steinknaus. Lot bare bilen stå der under heile turen, men det burde eg ikkje gjort sånn uten vidare. Meir om det til slutt. Var ikkje klar over sti til Døvikhammaren så eg gjekk rett opp den bratte austsida der det blei ein del utfordrande men gøy klyving. Oppe på toppområdet såg eg det var merka, men stedvis utydelig sti som eg fulgte ned via nordryggen. For å finne stien på veg opp må ein gå gjennom ei grind og følge vegen rett fram mot Årdalsfjorden. Når ein er et par steinkast frå fjorden går ein på skrå opp mot venstre, og da skal man finne stien i bjørkeskogen. Gjekk så sørover ein snau km >>>

Map     2 comments

Heggeimsfjellet og Lekvamsåsen

Date:
11.11.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
5:45h

Gjekk først opp på Sneisåsen frå vestsida, og så opp på Vardlandsåsen nordfrå. Så vidare gjennom skogen sørover til Heggheimsfjellet. Toppområdet har har fleire jamnhøge toppunkt, og trigpunktet er trulig det høgaste. Pga skogen er det dårlig utsikt, men på sørkanten er det utsikt over Bjørheimsvatnet og mot Tau. Fant ein god blåmerka sti ned igjen til Heggheim. Gjekk så langs vegen til Lekvam og fant ein traktorveg så eg fulgte eit stykke oppover i nordsida. Så vidare gjennom skogen til toppen. Såg ingen sti her og gjekk ned igjen gjennom skogen til Lekvam.

Map    

Flykrasj i Holtaheia

Date:
10.11.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:45h

Kjørte opp til parkeringsplassen i Holtaheia dagen før for turen til Lauvåsen og Almåsen . I dag gjekk eg først opp til minnesmerket etter flyulukka i 1961 der 39 engelske personer omkom. God sti og kort tur opp frå parkeringsplassen. Så ned igjen og fulgte merka sti til Krofjellet. Gjekk så austover for å koma inn på merka sti til Ormakam. På Grødheimsmyrane stod eit skilt om minnesmerke over nok eit flyvrak. Dette er langt mindre kjent enn det førstnevnte i Holtaheia. Ifølge ein turgåar eg traff dagen før så var dette visstnok to jagerfly som kolliderte i lufta og det eine flyet styrta her, mens det andre skal ha styrta i Rotabakken ca 5 km lenger sør. Ifølge infoskilt skjedde denne ulykka 7. januar 1953. Flyrestane på Grødheimsmyrane ligger rundt 2-300 m vest for stien til Moldhesten/ Ormakam. >>>

Map    

Lauvåsen og Almåsen

Date:
09.11.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:30h

Kjørte opp til parkeringsplassen ovanfor Holta. Ingen bompenger, men ei grind så måtte lukkas nede ved Holta. God, men bratt grusveg opp til bommen. Sykla snaut 3 km på god grusveg inn til Lauvåsvatnet. Herfrå fulgte eg merka sti opp til Lauvåsen som er Strand's mest prominente, men dog ikkje høgaste topp. Kjenner eg PB-ere rett verte dette ein meir populær topp nå som den inngår i ei ny liste over topp primærfaktor i kommuner. Dette er og ein flott utsiktstopp over store deler av Ryfylke. Frå Lauvåsen gjekk eg ned den bratte austsida over Klauvåsen og nordover ned mot Stølstjørna. Her kom eg inn på ein sti som eg fulgte austover til forbi sørenden av Tjelmavatnet. Så opp sørfrå til Almåsen. Gjekk ned den bratte vestsida og kom inn på ein sti langs nord- og vestsida av >>>

Map    

Barkafjellet

Date:
16.03.2016
Characteristic:
Hike
Map    

Taurafjellet og Eisåsen

Date:
15.11.2014
Map    

Liaknuten

Date:
04.04.2013
Characteristic:
Hike

Begynte turen ca kl 10 og sykla over det islagte Liarvatnet, og gjekk fottur på skaresnøen over toppane Hamrane, Knausane, Liaknuten og Svartavassknuten. Retur over Langavatnet, Vardhustjørna og Furenesvatnet. Til slutt sykkeltur tilbake over Liarvatnet.

Map    

Homsknuten og Kjeatofjellet

Date:
18.03.2013
Map    

Viddasfjellet og nabotopper

Date:
13.03.2013
Map    

Holtaheia og Lauvåsen

Date:
12.11.2011
Characteristic:
Hike
Duration:
8:00h

Fra parkeringsplassen ovanfor Holta gjekk eg på merka sti opp til Holtaheia. Litt nedanfor denne toppen ligger det vrakrester etter et engelsk fly med skuleelever som styrta 9. august 1961 og totalt 39 stk omkom. Stod et stort steinkors på en knaus til minne om det. På toppen av Holtaheia traff eg et annet par som kanskje skulle til Lauvåsen men såg ikkje meir til dei. Gjekk over Midknuten og Svoda til Lauvåsen. God sti nedover igjen rundt nordsida av Lauvåsvatnet. Gjekk videre over Grimsåsen, Lågehei, Ormakam og Storehornåsen tilbake til parkeringsplassen og hadde da brukt 8t i bedagelig tempo.

Map