Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Napen

Dato:
11.11.2020
Kart    

Høgeknubben

Dato:
10.11.2020
Kart    

Orraheia

Dato:
09.11.2020
Kart    

Oddaheia

Dato:
11.10.2020
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
12:00t

For tida åpen veg med god standard frå Lysebotn til Nilsebudammen. Fulgte T-sti skilta mot Grasdalen langs vestsida av Nilsebuvatnet og Storhillervatnet og vidare nordover. Stien langs Storhillervatnet er nymerka og ennå lite synlig i terrenget. Ellers god sti. Sør for Brokadalstjørna gjer stien ein sving vestover, og der forlot eg stien og fortsatte rett fram langs høgspenttraseen på austsida av Brokadalstjørna. Runda tjørna i nordenden og gjekk over dei namnlause toppane mellom Brokadalstjørna og Futevatnet. Denne 910-toppen (913 på dei fleste kart) var tidligare usikker, men nye detaljkart med 1 m-koter i 2020 viser at den er pf 100. Vidare austover til tjern 881, langs vestida av dette og så over til austsida av tjern 855. Her var det bratte og skumle svaberg med utsatt klyving, >>>

Kart    

Langaberg og Kjortåsen

Dato:
04.10.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
4:30t

Fulgte merka sti frå Leitevegen frå der den bratte nedstigninga mot Bjørheimsbygd begynner. Først til Almåsen, og vidare på sti over Midtknuten, Langaberg, Hamrane og ned til Barkastølsvegen. Der hadde eg på forhånd lagt frå meg ein sykkel så eg sykla mot Kjortåsen og gjekk på sti opp til den. Sykla så tilbake til utgangspunktet på Leitevegen.

Kart    

Førlandsnuten og Øykjafjellet

Dato:
03.10.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
7:30t

Parkering ved Storåsfoss ca 3,5 km opp frå Jørpeland skilta mot Fureneset. Gjekk på merka sti frå nordsida av vegen litt vest for Storåsfoss opp til Førlandsnuten. Fulgte sti vidare nordover til Krokarfjellet. Vidare over Småkrokane og ned til vegen til Regnarvatnet. Var oppom Lusabergknuten før eg gjekk vidare nordover mot eit minnesmerke som det var skilta til frå vegen mot Regnarvatnet. Gjekk så tilbake via vest- og sørsida av Regnarvatnet på sti opp til Flatafjellet og Øykjafjellet med avstikker stilaust til Krossfjellet. Det går visst sti til Øykjafjellet frå vestsida også, men eg gjekk ned sørsida og over Heståsen på sti som stedvis var lite synlig. Siste stykket på tydelig sti ned til Storåsfoss.

Kart    

Kjeatofjellet og Tårnfjellet

Dato:
02.10.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
8:30t

Parkering ved Storåsfoss ca 3,5 km opp frå Jørpeland skilta mot Fureneset. Fulgte merka sti mot Kjeatofjellet med ein avstikker oppom Husafjellet. Vidare på sti også opp til Tårnfjellet via den bratte vestsida frå Rovadalen. Så stilaust austover over Sauafjellet til Kruna og ein markant namnlaus topp 628 sør for Kruna. Skulle tru Kruna er feilplassert på kartet, men både N50 og ØK plasserer Kruna på ein lite markant topp mellom Ytre Buksetjørna og Svortingsvatnet. Gjekk opp og ned nordvestryggen til 628-toppen. Bratte fjellsider ellers. Vidare ned sørover mellom Buksetjørnane og vestover mot Moslivatnet og ned til nordenden av vatnet. Der kom eg inn på sti opp til Rovadalen og fulgte så stien tilbake til utgangspunktet med ein avstikker på sti oppom Lomafjellet.

Kart    

Øykjafjellet og Tunglandsfjellet

Dato:
01.10.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:00t

Parkering ved kraftstasjonen ein drøy km opp frå Jørpeland skilta mot Fureneset. Gjekk over brua over Jørpelandsåna og fulgte først grusveg eit stykke oppover og så på merka sti. Det er stort utvalg av stier i området, og valgte å gå først sørover til Øykjafjellet via Middagsåsen. Så nordvestover til Tunglandsfjellet der det er flott utsikt over utover fjorden og Jørpeland. Tok ein bratt sti ned nordaustryggen og så på vegen tilbake til kraftstasjonen. Merka sti på heile denne turen, men klarte å miste stien eit stykke mellom Øykjafjellet og Tunglandsfjellet.

Kart    

Iglandsklubbafjellet

Dato:
28.03.2020
Turtype:
Fjellskitur
Kart    

Eldridåsen

Dato:
10.01.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
8:30t

Gjekk på gjengrodd skogsveg nordover første stykket, og så på skrå mot venstre på gradvis meir utydelig sti til Foreåsen. Vidare stort sett stilaust til Vardatoppen og ned til vegen mot Gåsavatnet. Fulgte dyretråkk opp austryggen mot Eldridåsen, og kom så inn på raudmerka tydelig sti som kjem frå Nordland. Flott utsikt vestover frå Eldridåsen, men skog øydelegger det meste av utsikten ellers. Fulgte så ein blåmerka sti ned den nokså bratte vestsida, og kom då ned til bakketoppen på vegen mellom Bergsvika og Bruravika. Vidare over Nedrafjellet, Askjeliåsen, Iglåsen og Skifteåsen før det blei mørkt. Så i fullmåne til Furåsen der eg ikkje fant noko trigpunkt/ jernbolt, men er sikker på at eg var på toppen. Nordover til Hausvikkammen som har ein markert knaus som høgaste >>>

Kart