Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Daurmålsknuten og Skoredalsknuten

Date:
08.07.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
4:30h

Infoskilt og ein liten parkeringsplass i svingen ca 200 m før garden på Berland. Merka rute opp til Daurmålsknuten ved å følge grusvegen rett fram ca 500 m mot Mjåvatnet, og så ta til høyre på traktorveg oppover i bratt kulturlandskap. Der vegen slutter er det merka sti vidare opp til dalføret mellom Daurmålsknuten og Mjåvassknuten. Så dreier stien vestover i litt åpnere heiterreng over skoggrensa. Brukte ein god time til toppen der det er vardebok. Fulgte stien ned igjen eit stykke før eg gjekk stilaust over Mjåvassknuten og ned til vestsida av Skoredalsknuten. Svake stier/ dyretråkk opp til denne toppen. Ned igjen kunne eg følge ein stedvis utydelig sti bratt ned til Mjåvatnet. Denne stien går trulig til Landsdal ved Ørsdalsvatnet. Frå utløpet av Mjåvatnet er det god >>>

Map    

Bukkafjellet

Date:
13.04.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
8:00h

Gjekk lysløypa eit stykke og så skilting mot Karten. Fant ikkje merking til toppen, men lettgått terreng. Gjekk så sørover langs vestsida av Kartavatnet og opp vest- og nordsida til Romsknuten. Så austover til Bukkaknuten og Vedrafjellet og så opp austryggen til Bukkafjellet. Fulgte vest- og nordryggen ned til Storavatnet der eg kom inn på stien mellom Brekko og Gloppenuten. Det er såvidt eg veit ingen sti til Bukkafjellet, men enklaste rute er nok frå Brekko via nevnte sti, og så finne egen passende rute til Bukkafjellet.

Map    

Svartevassknuten

Date:
07.04.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:00h

Parkerte på sørsida av Stavtjørna for å slippe p-avgifta på 60 kr på den store p-plassen på nordsida. Lite aktivitet og innstilt skitrekk denne påsken pga koronarestriksjoner. Fulgte oppkjørt skiløype til Åkroken og Sandvassdalen til Barbuvatnet. Så opp sør- og vestryggen til Eikerinden og vestover igjen til den namnlause 853-toppen. Vidare via tjern 802 og opp austryggen til Svartevassknuten. Gjekk så austover for å ta med nokre sekundærtopper mellom Krokavatnet og Storavatnet. Retur over Barbuvatnet som hadde begynt å få råtten is så måtte vere litt forsiktig der, og så skiløypa på skareføre tilbake til Stavtjørn i månelys kveld.

Map    

Vådlandsknuten

Date:
21.03.2020
Characteristic:
Hike
Map    

Vådlandsknuten

Date:
19.02.2020
Characteristic:
Hike
Map    

Vådlandsknuten

Date:
22.01.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h

Fulgte den vanlige stien langs Fossbekken og langs sørsida av Fisketjørnane opp Høylandskaret til Vådlandsknuten. Traff på ein som var på veg ned. Han hadde vore på Vådlandsknuten for første gong i dag. Knapt snøflekker under 600 moh, men stadvis skaresnø over 6-700 moh. Ikkje farbar is på tjødnane under 700 moh. Skulle tru det var i april. Tok ein runde rundt Vådlandsvatnet over nokre topper eg ikkje pleier å gå på før eg returnerte via Høylandskaret og normalvegen til utgangspunktet.

Map    

Vådlandsknuten

Date:
04.01.2020
Characteristic:
Hike
Map    

Vådlandsknuten

Date:
14.11.2019
Characteristic:
Hike
Map    

Svartevassknuten

Date:
25.03.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Greipa

Date:
20.03.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:00h

Fulgte oppkjørt skiløype nordover til Åkroken. Derfrå austover Sandvassdalen der eg gjekk ut av løypa og opp på Steinheia. Så nordvestover til Bjørnaknuten og vidare vestover til Greipa, før eg dreide sørover til topp 764 og 782. Rant ned til Oksevadtjørna og fulgte skiløpa tilbake til Stavtjørna. Overskya ver med enkelte solgløtt og nordvest frisk bris denne dagen. Greit skiføre i kram snø.

Map