Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Vådlandsknuten

Datum:
05.12.2012
Karte    

Myrbærfjellet og nabotopper

Datum:
15.11.2012

Fra E39 på Eide sør for Heskjestad tok eg av på fv 501 og kjørte ca 5 km til kommunegrensa mellom Lund og Sokndal. Det låg skodd nedpå fleire av fjella i området mens Skoreknuden var skyfri. Gjekk først opp på den frå sørenden av Ljosvatnet. Fulgte en traktorveg et kort stykke og så langs høgspentlinja som går gjennom et skar mellom dei to toppunkta. Var oppom vesttoppen før eg gjekk opp på den litt høgare hovedtoppen. Gjekk så ned igjen til Ljosvatnet og via en bomveg til Svaltjørna opp i nordaustsida til Myrbærfjellet. Einaste toppen i området som har ordentlig varde men det var ingen bok. Gjekk ned omtrent same vei herfra også og så gjekk eg opp på Engjafjellet sørfrå. Derfrå gjekk eg videre nordvestover ned i skaret sør for Djubetjørna og opp på 412-toppen >>>

Karte    

Rogleheia og nabotopper

Datum:
12.11.2012

Tok av E39 ved Bilstad og parkerte ved en gard på Byrkjemo og gjekk så tilbake et stykke til Bjuland der eg gjekk oppover på en traktorveg gjennom beiteområde opp til en skog der eg kom inn på en rødmerka sti videre oppover vestryggen av Rogleheia. Denne stien gjekk gradvis meir over i sørsida så eg forlot den for å koma meg opp på ryggen igjen. Var først på det vestlige toppunktet 616 før eg gjekk austover til toppen. Der var det fire omtrent like høge topper. Ifølge ØK 1:2000 er det høgaste punktet 637 moh ca 150 m nordvest for trigpunktet 636. At denne NV-toppen er høgast stemte også overens med barometer og augemålet mitt. Gjekk så videre austover forbi nordsida av Kjørmotjørnane til Slettheia. Herfra fulgte eg ryggen nordvestover og gjekk i skråninga mellom Indra >>>

Karte    

Vinjakula og Lindelifjellet

Datum:
05.11.2012
Karte    

Refslandsknuten og nabotopper

Datum:
27.09.2012

Gjekk frå Mysing på merka sti mot Hestafjellet og så opp til Hellersheia i tyngre terreng. Veret begynte fint men det skya til frå nordvest og kom meg opp til Reflandsknuten mens det endå var opphald. Så kom det ei bøye og skodda senka seg ei kort stund, men det letta heldigvis fort opp igjen og blei noen solgløtt utover ettermiddagen. Gjekk videre sørover til Nonsknuten og Ollestadfjella før eg gjekk vestsørvestover og opp på Eldsknuten frå Sørenden av Grimingsvatnet. Gjekk så nordover over Rygglene og langs vestsida av Mjåvatnet og opp til Mysinghålå der motstandsfolk gjøymte seg under ei stor steinblokk under krigen. Til slutt gjekk eg opp på Bukkaknuten og Vardåsen før eg gjekk ned til Mysing igjen. En tung tur for det meste utanfor sti i høgt gras og lyng, og i området >>>

Karte    

Daurmålsknuten og Såta

Datum:
28.07.2012

Gjekk frå garden Øygard sør for Vikeså på gjengrodd traktorveg et stykke oppover mot Hellevatnet før eg gjekk nordover opp på Rossaknuten, som er navnlaus på M711-kartet. Så videre austover til Daurmålsknuten. Der var det rødmerka sti frå Berland som eg fulgte et stykke før eg gjekk videre sørover og opp på fleire nesten like høge topper på Mjåvassknuten og Skorafjellet. Derfra vestover til Rindi og så ned mot Nordavatnet og på rødmerka sti opp til Såta. Så ned til Holmen og opp til Øygard igjen. En rundtur eg brukte ca 9t på.

Karte    

Kisthei og nabotopper

Datum:
21.07.2012

Gjekk frå nordenden av Åsvolltjørna sørover forbi Klemmesknuden til Kisthei som har fleire omtrent like høge topper, og så til Voreknuden med telenormasta. Videre sørover over Urdalsknuden og på vestsida av Kringlevatnet til Langskårsheia. Der er høgaste punkt på 469m og ikkje 476m, ca 700m nord for varden og trigpunktet. Gjekk så nordover til Moldalsknudane og forbi sørenden av Steinslandsvatnet til Sletthei og så austover over Solliheia og på merka sti tilbake til Åsvolltjørna og var oppom Høgeheia til slutt. Dagen begynte med ganske fint ver men det skya gradvis til frå vest og nord utover dagen og eg brukte drøyt 12t på denne turen som var ganske krevande pga mykje høgt gras i mesteparten av området der eg gjekk.

Karte    

Storafjellet og nabotopper

Datum:
08.07.2012

Gjekk frå Vikesdalslia på merka sti opp gjennon lauvskog i sørvestsida av Srorafjellet. Stien enda på vestlig toppunkt på 511 m som er et utsiktspunkt med vardebok. Gjekk så opp på toppryggen som har fire omtrent like høge toppunkter med småvarder. Topp nr 3 frå sørvest er sannsynligvis den høgaste og har ifølge ØK 1:2000 høyde på 540 m, mens den nordligste toppen er nest høgast med 539 m. Flott ver men noko disig, særlig vestover. Gjekk deretter videre austover og opp på topp 348m aust for Brådlifjellet og så opp på sjølve Brådlifjellet. Gjekk ned sørover på traktorveg til Brådli. Fulgte så rv 503 et stykke og gjekk på en skogsveg nesten til topps på Åsen som er 219m, mens trigpkt er 215m. Ned skogsvegen igjen og tilbake til Vikesdalslia. Brukte ca 6t på denne >>>

Karte    

Vådlandsknuten

Datum:
08.04.2012
Tourcharakter:
Wanderung

Gjekk kl 15 frå den øverste parkeringsplassen forbi Madland på stien opp langs Fossbekken til Vådlandsknuten. Isen på Fisketjørnane hadde forsvunne i mars, men det var tynn nylagt is nå så måtte gå stien langs sørsida. Det var opptil 10-15 cm nysnø og spor heilt opp. Blei nr 39 i skrøydeboka til nå i år. Gjekk ned igjen over Rolighetsvatnet som var farbart og så over 714 og over Longatjørn og opp til Rundetjørnnuten. Her kom det opp frå sørsida et par andre med kvar sin fuglehund. Var overaskande å treffe på andre nå i snøveret i kveldinga, men me slo følge ned på nordsida og på T-stien tilbake til parkeringsplassen.

Karte    

Oreheia og nabotopper

Datum:
04.04.2012
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
12:00h

Gjekk frå parkeringsplassen på austsida av Stavtjørna på sti opp Lomsdalen og så på ski videre til Hommadalen. Det var så elendig skiføre at her satte eg frå meg skia og gjekk videre til fots på vekselvis skaresnø og barmark opp Austdalen til Bringeknuten. Gjekk så ned til vestsida av Austdalstjørn og gjekk opp til høgaste punkt på Oreheii. Så vestover over trigpunktet og så til Hommaknuten. Ned igjen den ganske bratte nordvendte skråninga mellom Hommaknuten og Oreheii. Hadde for sikkerhets skuld med stegjern og dei kom til sin rett på den harde snøen, men det hadde nok gått an å koma seg ned uten stegjern og. Så over brua over elva og langs stien tilbake til Stavtjørn. 12t på tur i flott påskever.

Karte