Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Hjelmkona og Hjelmen

Date:
21.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h

Gjekk på god merka, men litt blaut sti frå Sletta over myra Tundra der det visstnok skal ha vore permafrost i tidligare tider. I Hjelmskaret gjekk eg vidare opp til Hjelmkona. Det er eit nedlagt gruveområde ved den litle tjørna nord for Hjelmkona. Vardebok på toppen og fin utskit sørover mot Trollheimen. Ned igjen til Hjelmskaret og det var skilta mot Hjelmen derfrå så eg trudde det var sti der og, men den såg eg lite til. Det var dog litt varding i bratte partier i nordaustryggen til Hjelmen. Stor varde og bok på toppen. Normalruta går opp i vestsida frå Settemsdal, og sidan Hjelmen er kommunetopp er den tydeligvis godt vitja. Eg gjekk ned igjen i den bratte nordsida. En del ur og mosegrodde sva. Hvis mosen hadde losna frå underlaget hadde eg nok fått ein ufrivillig rutsjetur >>>

Map    

Valen og Saksa

Date:
20.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h

Gjekk på skogsveg oppover og så på merka sti til Varden. Stien var lite synlig i terrenget, men det var vardebok på toppen og fin utsikt over Halsa og fjorden utanfor. Så ned til Gammeltjørna og kom inn på god sti til Saksa, men tok ein liten avstikker fyrst til Krekjefjellet. Det var lågt skydekke før middag som letta middagstid og det såg lovande ut med sol. Men skodda gjorde retrett og la seg nedpå igjen på rundt 550 moh. Oppe på Saksa var det glimtvis blå himmel rett opp, men skodda låg tjukk rundt så ingen utsikt. På veg ned hadde skydekket heva seg ein del så eg kom raskt under skodda igjen. Fulgte stien og skogsvegen tilbake til parkeringsplassen.

Map    

Dyrstolan

Date:
19.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h
Map    

Honnstadknyken

Date:
18.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h

Parkerte ved hovedvegen og hadde med sykkel opp til hyttefeltet der stien byrjar. Det er sjølbetjent bomveg 3,5 km opp til Skeisnebba hyttefelt, men eg hadde ganske god tid til denne turen og sparte 50 kr på å parkere nede ved fylkesvegen. Ganske sorpete sti en del plasser men det var stadvis lagt ned planker. Åt mykje blåbær oppover. Solrik og varm dag og flott utsikt frå Knyken og lufta var klarere etter regnet dagen før.

Map     2 comments

Travers over Viromkjerringa

Date:
13.07.2014

Fra Dalen parkering sykla eg ned Viromdalen og satte sykkelen fra meg ved innkjørselen til Virom (og henta den dagen etter). Herfra gjekk eg gjennom gardstunet på Virom og traff på bonden. Eg spurte han om stien opp Viromlia og han viste meg kor den byrja. Stien var godt merka med raud maling på trærne, men den var ikkje så tydelig i terrenget. Oppe ved Litlråkvatnet tok eg ein avstikker til Børsetkjerringa og runda den på kanten i vestsida der det er veldig god utsikt utover. Ved trigpunktet her er det vardebok og tydeligvis sti opp frå Børset. I sørsida av dette fjellet er det ei rasrenne som går heilt ned til Viromdalen. Raset skal visstnok ha gått for 11 år sidan etter kraftig nedbør. Gjekk ned til Litlråkvatnet igjen og runda det på nordsida og gjekk opp nordvestryggen >>>

Map    

Skjerdingen og Snøfjellet

Date:
12.07.2014

Fra Innerdalen fulgte eg T-merka sti nordover mot Kårvatn opp til Bjøråskaret. Dagen begynte veldig fint vermessig men ved middagstider trakk det opp mørke skyer frå søraust og eg var ikkje komen langt opp fjellsida før eg haurte rumlinga i det fjerne. Forstod kva veg dette bar så eg tok det bare med ro og såg meg ut ein plass eg kunne vente mens uveret raste i frå seg. På drøyt 900 moh såg eg ein bergknaus med utoverheng litt aust for stien som formodentlig kunne verne meg mot regnet. Herfa var det orkesterplass mot Innerdalstårent og Tåga der uveret kom før det passerte Innerdalen. Tenkte på at nå er det nok mange folk på veg opp til Tårnet som fant det mest bekvemmelig å koma seg ned fortast mulig. Mange lyn såg ut til å slå ned i området bak Tårnet og Tåga, og >>>

Map