Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Smørskredtindane

Dato:
28.08.2014

Frå Rødsetstølen i Strandamoldskreddalen gjekk eg sørvestover til det høgaste punktet på 850 moh i Tverrdalen. Herfrå bratt opp fjellsida mot breen aust for Smørskredtindane. Breen blei først synlig da eg var mest oppe ved den og gjekk langs sørsida av breen og over en morenehaug og så opp dei siste 250 hm i den austvendte fjellsida. Var enkelte småvarder som viste nokonlunde veg oppover. Var først på hovedtoppen der eg hadde ein lengre pause for å nyta utsikten. Det låg ein orange røyrstubbe i eit hol atmed varden. Inni denne var det bøker med protokoll fra 1992. Bøkene var blaute men alikevel i overraskande god stand. Dei burde likevel vore mykje betre oppbevart i tuppervareboks oppi arkeoplanboks så dei ikkje verte blaute. Etter å ha skreve meg inn i boka gjekk eg så >>>

Kart    

Melshornet

Dato:
23.10.2013
Kart    

Råna og Midtre Regndalstind

Dato:
28.10.2009

Kjørte opp Urkedalen og gjekk fra Ytre Urkesætra på sti nordover til Nordkopen og så på ski videre nordvestover opp i skaret nord for Elsandtindane og så opp på ryggen til Regndalstindane. På ca 1370 moh gjekk eg nordover på den store vestvendte flanken og så opp ryggen til Råna. Aust for 1586-toppen er det en topp som muligens er høgare enn 1586 m. Det er et vanskelig skar i mellom så eg kom meg ikkje opp på den andre toppen, men ville trulig vore grei klyving hvis det ikkje hadde vore snø. På returen var eg oppom Midtre Regndalstind og måtte ta av skia og sparke trinn i snøen i det øverste partiet opp pga at det var så hardt. Rant så ned vestflanken og videre tilbake til Urkedalen same rute som opp.

Kart    

Skårasalen og Storhornet

Dato:
26.10.2009
Turtype:
Fjellskitur

Gjekk fra Årsetsætra på snaut 500 moh på sti forbi ei kjelve og så oppover bjørkeskogen. Over tregrensa gjekk eg på ski oppove omtrent same trase som sommerstien. Det var masse skispor i området så det var sikkert folksomt her i helga. Dette var måndag og dagen begynte med strålande sol, men det blei som meldt og skya over med skodd langt nedover fjellsidene. Fekk dermed ikkje sett utsikten frå Skårasalen, men det var ikkje verre sikt enn at det gjekk greit nok å orientere seg. Var oppom Storhornet også før retur til Årsetsætra. Skygrense på 7-800 moh.

Kart    

Haustskitur til Slogen

Dato:
24.10.2009

Gjekk frå Lunheim og bar med ski på den gode stien oppover gjennom skogen. Etter eit stort snøfall i slutten av september var det ennå mykje snø igjen i høyden og kunne gå på ski over ca 650 moh. Pga hardt føre og bratt terreng satte eg igjen skia på ca 1200 m for å gå videre til fots opp. Ned igjen var eg bortom Patchellhytta og rant så ned gjennom bjørkeskogen. Det var problematisk pga plagsom tett og stadvis horisontaltliggane fjellbjørk. For mjuk snø til å gå til fots på snøen under 800 moh, men kom meg etter kvart ned til snøgrensa og gjekk ned på stien langs Brekkeelva.

Kart    

Jakta

Dato:
23.10.2009

Gjekk fra Norang på sti opp og ned Konedalen. Etter eit større snøfall i slutten av september var det ennå godt med snø i høyden og gjekk på ski fra ca 650 moh. Særs bratt parti på ca 1100 moh i søraustryggen på Jakta der eg bar skia et stykke opp det battaste partiet. Ellers flott føre vidare opp til Jakta. Det var fint ver før middag men så skya det over men utsikten fra toppen var likevel god. Mildt i veret og snøen var ikkje frosen på toppen.

Kart    

Skitur over Hesten til Skruven

Dato:
21.10.2009

Gjekk frå Bygdastølen på 480 moh i Moldskreddalen til Hesten og Litle Skruven. Tok på ski med feller over 600 moh, men tok av skia og stedvis kraup opp den litt smale sørvesteggen til Litle Skruven. Derfra greit bort til toppen av Skruven. Flott utsikt frå denne min fyrste bestigning i Sunnmørsalpane. Ned igjen rant eg delvis over breen i et område som såg sprekkfritt ut og ned til sørenden av vatn 968. På vei ned mot vatnet var eg uheldig og kom i et svært bratt og hardt område og måtte ta av skia og trampe hardt med hælen samtidig som eg støtta meg med ski og staver. Så ned Tverrdalen tilbake til Bygdastølen. Var 8-9t på tur denne onsdagen i stille og flott ver.

Kart