Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (13)
- Schneeschuhtour (13)
- Fahrradtour (5)
-
Fußtour (519)
- Bergtour (100)
- Hochtour (2)
- Spaziergang (7)
- Wanderung (408)
-
Skitour (130)
- Langlauf (2)
- Tourenskilauf (128)
Archiv - Nach Geografie
Peakbookfreunde
Gesammelte Listen
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- Norwegen Festland - 2000m, 20m pf
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- Norwegen Festland - 2000m, 10m pf
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Lieblingsgipfel
Høgafjellet og Hikletten
- Datum:
- 18.03.2015
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 8:00h
Eg og Knut Sverre reiste i kvar vår bil frå Bergen til Osterøy og eg parkerte ved Båtaleitet siden eg skulle på Bruviknipa etterpå. Sat på med Knut Sverre det siste stykket inn til Blomdalsleitet i Lonadalen. Me traff på eit par karar som fortalde at det var merka sti gjennom skogen frå bommen, og det viste seg å halde stikk.
Me begynte å gå i 11-tida og måtte bære skia opp til snaut 400 moh og derfra var det godt med snø og føret var greit siden det var så mildt. Ingen panserskare denne dagen. Det klarna opp ein periode mens me var på veg oppover, men det skya selvfølgelig til igjen før me nådde Høgafjellet. Ganske disig og dårlig utsikt så me hadde bare ein kort matpause og skreiv oss inn i vardeprotokollen før me rant ned sørover.
Unna oss Hikletten som bonustopp >>>
Hauggjelsvarden, Løvstakken og Knappen
- Datum:
- 17.03.2015
Var med Knut Sverre på rundtur over det vide platået mellom Hauggjelsvarden og Ulriken. Me gjekk frå Brattland på austsida. Fint å gå til fots på det som var igjen av snø. Seinare tok me ein kveldstur til Løvstakken.
Etter ein god middag hjå Astrid og Knut Sverre tok meg og Knut Sverre ein kveldstur til Løvstakken. På veg opp traff me på PB-bruker "Uncas" som var på veg ned, Så det blei et aldri så lite Peakbooktreff. Etter ein kort hyggelig prat gjekk me videre kvar vår veg. Ganske folksomt på løvstakken i denne skumringstimen.
Til slutt denne kvelden tok eg ein tur aleine til Knappen. Bare et drygt kverter gangtid kvar veg. Fleire toppunkter og rester av gammal murbygning i området.
På Bergens tak
- Datum:
- 15.03.2015
Gjekk frå parkeringsplassen i Hausdalen på grusvegen oppover mot Brekkedalen. Rett etter Tverrelva går det sti oppover sørryggen til Søre Gullfjelltoppen som eg fulgte. Bar skia et stykke men tok dei på over ca 400 moh. Gjekk så videre nordover til Gullfjelltoppen der det var ganske folksomt denne sundagen. Tok ei litt meir vestlig rute ned og la turen over Gullfjellet og forbi Redningshytta og så opp til Austefjellet og Hausdalshorga og ned til Hausdalen igjen. Minka på snøen i sørhellinga og tok av skia på ca 600 moh.
Rinddalshyrna og nabotopper
- Datum:
- 27.08.2014
Sykla frå Vollset på Flofjellsvegen til Øvre Flosætra. Herfra gjekk eg oppover gjennom bjørkeskogen på sørsida av Rinddøla og opp ryggen over Skjorahyrna opp til den (fortsatt) delvis bredekte toppen på Vasstekehyrna. Så ein liten brepassasje nordover og så opp den bratte sørryggen til Rinddalshyrna. Står varder her på vestsida av toppunktet. Gjekk så austover og over 1452-topen og videre nordover ned til sadelen aust for Rinddalsvatnet. Her gjekk eg på skrå ned mot nordsida av vatnet. Det var fleire blaute svaberg eg måtte omgå og ein del plagsom vegetasjon langs vatnet men det blei betre å gå lenger vestover. Gjekk på nordsida av Rinddøla og igjennom skogen ned til Øvre Flosætra og sykla tilbake til Vollset.