Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Vierheii og Vardsvasseggene

Datum:
31.05.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
7:30h

Gjekk frå vestsida av Håhellervatnet over vatnet forbi Håhellerhytta og opp langs Smogedalen til Øyuvseggin. Det var stor trafikk på Suleskardvegen og mange som stoppa for å ta bilder av dei imponerande brøytekantane. Rant ned forbi sørenden av Knutstjørn. Her var ein gjeng som rasta. Eg prøvde å passere på god avstand, men ein gutt kom mot meg og spurte om eg ville ha lapper. Eg takka sjølsagt ja til det, og fekk både lapper og kaffi. Gjekk så vidare til Kalvetjørnknutane, og så nordover over Gunnarsvatnet og Ivlungsvotni og opp til Vierheii. Så vestover til Vardsvasseggene og via rosskreppdammen tilbake til Håhellervatnet.

Karte    

Urdalsknuten

Datum:
30.05.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
11:30h
Karte    

Lidvoren og Dansarfjellet

Datum:
29.05.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:15h

Brokke-Suleskardvegen åpna etter vinterstenging fredag 29. mai kl 12. Dette skal ifølge erfarne brøytefolk være den mest snørike våren i denne vegens 30-årige historie. Måtte dermed utnytte det fine veret pinsehelga til vårskiturer i Setesdalsheiane. Gjekk frå Håhellervatnet forbi Håhellerhytta og nokonlunde langs sommerstien til Sandvasskvæven. Så sørover Sandvatnet og Nordra Monsvatnet og opp nordvestsida til den namnlause 972-toppen nord for Lidvoren. Usikkert om den er pf 100 sidan ØK har 20 m-koter. Vidare over Lidvorens to topper og sørover til Dansarfjellet, og så over Falkarheii og ned nordover Søra Monsvatnet og inn på spora mine igjen på tilbaketuren. Anslår turen til snaut 40 km, korav mesteparten over islagte vatn med veldig gode snø- og isforhold.

Karte    

Gleknuten og nabotopper

Datum:
21.04.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:00h

Fulgte traseen til kvistaløypa mot Tomannsbu til Breievatn. Så over vatnet og opp nordsida til dei to toppane til Brattefjellskollen. Hovedtoppen har bratte sider så satte frå meg skia og gjekk opp til fots. Vidare i retning nordaust over Gamlestølsfjell og ned på Indra Skredåvatn og så opp nordvestsida til Gleknuten. Retur over Indra Skredåvatn og opp til Dramreisknuten sørfrå. Rant så ned nord-nordaustover til Smogedalen for å unngå bratte skrenter i vest. Vidare vestover via Øydevatn tilbake til Hunnedalen.

Karte    

Solandsvarden og nabotopper

Datum:
25.09.2019
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
9:00h

Kortaste rute til Solandsvarden er nok frå Soland, men eg valgte et annet utgangspunkt for å få en lenger rundtur. Begynte å gå fra vegkrysset mellom Flikkeid og Lavoll der det også er sti til Solandsvarden. Godt merka og tydelig sti gjennom skogen. Tok ein svipptur oppom Heståsen før eg fortsatte på stien via nordsida av Ljosevatnet til Solandsvarden. Stor varde og besøksbok på toppen. Fortsatte sørover i uryddig/ uveisomt terreng via Nordvannsknuten mot Bergtjørnknuten. Kom inn på ein ny sti vest for Bergtjørnknuten og tok ein tur sørover til Røde fjellan og Søylandsvarden og tilbake på stien til Bergtjørnknuten. Besøksbok på Søylandsvarden som var dominert av eit par gjengangere. Den stien kjem nok opp frå Søyland vest for Flekkefjord. Bergtjørnknuten har også vardebok. Fulgte >>>

Karte    

Midgarden

Datum:
24.09.2019
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
3:45h

Gjekk på ein veg opp til sørenden av Åstjørna, og så på sti vidare nordover langs austsida av tjørna opp til to jamnhøge knausen. Det var ein topp til lenger sør på vestsida av Åstjørna som såg like høg ut og som viste seg å vere høgast. Gjekk ned nordover mot E39 og Rekevikstjødna. Fant her ein skogsveg som eg fulgte oppover. Denne vegen går ikkje til mastetoppen Midgarden, så eg gjekk eit stykke nordover i terrenget før eg fant ein ny skogsti som førte opp til Midgarden med mobilmast. Fulgte så denne stien/ skogsvegen ned og den førte inn på E39 i Råmarksdalen. Til slutt snaut 3 km langs E39 tilbake til Eide.

Karte    

Ørnemyrfjellet og Falkefjellet

Datum:
23.09.2019
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
5:45h
Karte    

Tjørndalsknuten og nabotopper

Datum:
22.09.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
9:30h

Fulgte T-merka sti vestover til Lakkenstova. Vidare forbi hytta blei stien stedvis utydelig. Er nok liten trafikk mellom Lakkenstova og Kvinen tydeligvis. Forlot stien aust for Sandvasstjørna og kryssa utløpsbekken fra Øyvatnet og gjekk opp til Gråfjell. Vidare nordover mellom Tjørndalstjørnin og austover til Tjørndalsknuten. Vid utsikt i alle retninger unntatt i SSV der kommunetoppen Skoræ som eg var på i går stenger for litt av utsikten. Gjekk ned søraustover og langs sørsida av Reintjørn og over 931-toppen til Velifjell og Veliheii. Litt uklart kva som er høgast av dei to jamnhøge toppane, men ifølge ØK er Velifjellet høgast. Så via vestenden av Velivatnet over Skarkedalsknuten og sørover til Kvernevassdammen. Fint ver med over 20 grader i låglandet denne helga.

Karte    

Skoræ

Datum:
21.09.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:45h
Karte    

Mattjønnknuten

Datum:
20.09.2019
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
7:15h

Kjørte frå kommunesenteret Åseral forbi kyrkja og skilting til Sosteli. Kom til åpen bom, men det stod skilt om at bommen kunne stenges i teleløysninga og i jakttida. September er som kjent jakttid så då parkerte eg for sikkerhets skuld ved bommen. Gjekk på grusvegen oppover men tok ein avstikker til skogstoppen Kosåsen. Kjørbar veg til Gløypen og så ATV/ traktorveg opp til ca 760 moh. Derfrå går det stikka ATV/ snøskuterløype til Sjåvassknuten. Men først gjekk eg nordover i terrenget til Mattjønnknuten og tilbake. Så fulgte eg nevnte løype som stedvis var sorpete opp til Sjåvassknuten der det er mast/ installasjon på toppen. Retur sørover til Indre Stemvassheii og så austover til eg kom inn på ein god sti forbi Heimre Stemvatn og ned langs Åslandsbekken. Kom så >>>

Karte