Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Store Brekketinden

Date:
26.09.2017
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
10:30h

Tur i lag med mortenh (Morten Helgesen) , Þróndeimr (Christian Nesset) og Astri (Astri Gridseth Flø) på siste dag av PB-treffet. Tok ferja frå Sæbø til Lekneset, og eg sat på med Morten opp til Myrsætra. Bompengefri veg her nå, og me parkerte på sørsida av elva. Fulgte T-stien mot Patchellhytta til Steinreset der me tok av stien og gjekk opp til Brekketindbreen. Så tok me på sele og tau for å krysse breen opp til skaret sørvest for Store Brekketinden. Fleire klyvepartier frå breen til toppen. Det var frivillig om me ville la oss sikre eller ikkje, men eg var komfortabel me å gå uten sikring. Hadde ein god pause på toppen i det flotte varme seinsommarveret og skreiv oss inn i vardeboka. På veg ned var Christian oppom S1-toppen som er avansert klatring grad 5-6 eller noko i den dur. Litt for teknisk til at det var noko å prøve for min del, men spennande >>>

Map    

Snøhornet

Date:
25.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:30h
Map    

Vardane på Sula

Date:
24.09.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
4:00h
Map    

Hareidlandet og Gurskøya

Date:
23.09.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Veirahaldet og Blåtinden

Date:
22.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:15h

Gjekk opp langs heistraseen og nordover forbi Storvatnet på vestsida og opp til Veirahaldet som har varde med bok. Vidare ned den bratte sørausteggen der eg måtte vera veldig forsiktig et stykke ned mot Kolbeinsskaret. Det er bratt sva med mose- og grasdekte hyller i mellom. Stor utglidningsfare her, men det hadde heldigvis torka litt opp etter alt regnet kvelden før. Nokon småhamre måtte også omgås i sjølve skaret. Så enkelt opp til Blåtinden som har varde med bok. Var bortom trigpunktet før eg gjekk sør- og sørvestover forbi Trollvatnet på austsida og sørover til Eitrefjellet og ned langs alpintraseen igjen. Tok eit bad i bekken ved skisenteret før eg reiste ned til Sæbø på Peakbooktreffet.

Map    

Storesarpen og Røvsdalsnipa

Date:
21.09.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h

Hadde kjørt opp den bratte anleggsvegen til Dansavatnet dagen før for turen til Blæja. Frå dammen i sørenden av Sarpavatnet gjekk eg opp austryggen til Storesarpen og vidare vestover til Røvsdalsnipa som har varde med bok. Så tilbake igjen over 917, Rypeholten, 658 og Sølvbergnausen. Sønnavind og regn, men god sikt og ein lang periode med opphald tidleg om kvelden. Ingen store pf-topper, men ein enkel tur pga veret som likevel ikkje blei så gale.

Map    

Blæja, Tuva og Blæjeskartinden

Date:
20.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:00h
Map    

Eikåsnipa og Kletten

Date:
19.09.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
4:15h
Map    

Stora Blåfjell

Date:
04.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:00h
Map    

Kvitserk

Date:
03.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:30h

Snøfri veg over Venaheia denne seinsommaren. Var fyrst på dei to Venaheitoppane før eg gjekk til Kvitserk frå Førrevassdammen. Var oppom 1124-toppen og derfrå er det litt uryddig bergterreng med mange småtjern vestover til Kvitserk. Her er det to topper som ØK oppgjer til 1166,9 m på begge, mens N50 bare oppgjer høgde 1142 og 1148 på to topper lenger vest som eg og var oppom. Ingen tvil om at austtoppane er høgast. Dei ligger 2-300 m frå kvarandre, men har altså lik høyde ifølge ØK. Gjekk så tilbake til Førrevassdammen og fant ei litt lettare rute litt lenger sør.

Map