Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Kiståsen

Date:
15.06.2015
Characteristic:
Backcountry skiing

Parkerte på ein p-plass ovanfor Kjetilstad. Gjekk vidare sørover på vegen eit stykke før eg tok på skia og gjekk vestover ut i terrenget mot Kiståsen. Rant vidare sørover og tok med meg sekundærtoppen Skaulen før eg rant ned igjen til utgangspunktet. Relativt kort kveldstur dette før den lengre turen til Ravnanuten og Såta dagen etter. Tok dessverre sparsomt med bilder på denne turen, men har lagt inn to bilder i ettertid for å dokumentere dei historisk store snømengdene det var i 2015. Begge bildene er tatt sørover i området rundt Kiståsen.

Map    

Karinuten og nabotopper

Date:
14.06.2015
Characteristic:
Backcountry skiing

Snødekt veg innover Breidastøldalen som eg fulgte til sørenden av Sandsavatnet. Gjekk så nordover, og var først på Grovnuten. Så vestover til Karinuten, nordover til Kotleskornuten og så sørover igjen via Killingevatnet opp til Sandsaskarnuten. Retur sørvestover via Djupaskardet tilbake til Gullingen. Godt skiføre og stort sett samanhengande skiføre heile tida, men litt skibæring på slutten av turen.

Map    

Gullingen og Langeliheia

Date:
13.06.2015

Skitur frå Gullingen skitrekk. Etter ein uvanlig snørik vinter ligger snøen ennå heilt ned til parkeringsplassen ved stitrekket. Gjekk fyrst opp på Grønhovudet og så på Gullingen. Veldig bratt det siste stykket opp så eg la i frå meg skia og gjekk videre opp til fots. Det går sti men mesteparten av den var skjult av snø. Vardebok på toppen. Tok så ein runde vidare til Finnadalsheia og Langeliheia og så tilbake ned i Breidastøldalen. Overskya ver med skydekke nedpå toppane langs horisonten, men upåklagelig skiføre denne laurdagskvelden i midten av juni.

Map    

Vallresknuten

Date:
12.06.2015

Frå Giljastølen. Gjekk opp langs skitrekket der det er grei grusveg opp til ca 640 moh. Derfrå er det grei sti videre opp til vestenden av Måkavatnet og langs nordsida opp til Vallresknuten. Ennå en del snø igjen over 7-800 moh pga av den uvanlig snørike vinteren. Skya ver og disig vestover mens ellers god utsikt frå toppen. Vardebok i regi av Ålgård orientering.

Map    

Sommarskitur over Rosskreppfjorden

Date:
09.06.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
12:00h

For 3. år på rad var Rosskreppfjorden farbar på ski etter at Brokke - Suleskarvegen åpna etter vinterstengning. I år blei åpning av vegen litt forsinka pga store snømengder og påfyll av nysnø natt til 23. mai, men 2. pinsedag 25. mai blei vegen åpna. Dei som har levd litt lenger enn meg meiner at dette er den mest snørike våren i dette området sidan 1962 eller 67. Kanskje fyrste gong sidan 1997 at Rosskreppfjorden er farbar så seint som 2. veka i juni. Gjekk frå demningen i sørenden fram og tilbake dei ca 11 km over fjorden på langs. Etter ei kald natt med frost var det godt skarelag på den 30-40 cm tjukke snøsorpa. Det var heldigvis et solid underislag på minst 10 cm. Hadde gjennomtråkk i det øverste laget en del plasser, særlig i den nordligste delen. Det var fortsatt >>>

Map    

Urdvassheii og Vardsvasseggen

Date:
08.06.2015
Map    

7-nutstur i Sandnes

Date:
31.05.2015
Map    

Reindalsfjellet og Stridsmoheii

Date:
27.05.2015
Map    

Holfjell og Spafjell

Date:
26.05.2015
Map    

Store Skykula

Date:
23.05.2015
Map