Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Hjelmkona og Hjelmen

Date:
21.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h

Gjekk på god merka, men litt blaut sti frå Sletta over myra Tundra der det visstnok skal ha vore permafrost i tidligare tider. I Hjelmskaret gjekk eg vidare opp til Hjelmkona. Det er eit nedlagt gruveområde ved den litle tjørna nord for Hjelmkona. Vardebok på toppen og fin utskit sørover mot Trollheimen. Ned igjen til Hjelmskaret og det var skilta mot Hjelmen derfrå så eg trudde det var sti der og, men den såg eg lite til. Det var dog litt varding i bratte partier i nordaustryggen til Hjelmen. Stor varde og bok på toppen. Normalruta går opp i vestsida frå Settemsdal, og sidan Hjelmen er kommunetopp er den tydeligvis godt vitja. Eg gjekk ned igjen i den bratte nordsida. En del ur og mosegrodde sva. Hvis mosen hadde losna frå underlaget hadde eg nok fått ein ufrivillig rutsjetur >>>

Map    

Valen og Saksa

Date:
20.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h

Gjekk på skogsveg oppover og så på merka sti til Varden. Stien var lite synlig i terrenget, men det var vardebok på toppen og fin utsikt over Halsa og fjorden utanfor. Så ned til Gammeltjørna og kom inn på god sti til Saksa, men tok ein liten avstikker fyrst til Krekjefjellet. Det var lågt skydekke før middag som letta middagstid og det såg lovande ut med sol. Men skodda gjorde retrett og la seg nedpå igjen på rundt 550 moh. Oppe på Saksa var det glimtvis blå himmel rett opp, men skodda låg tjukk rundt så ingen utsikt. På veg ned hadde skydekket heva seg ein del så eg kom raskt under skodda igjen. Fulgte stien og skogsvegen tilbake til parkeringsplassen.

Map    

Dyrstolan

Date:
19.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h
Map    

Honnstadknyken

Date:
18.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h

Parkerte ved hovedvegen og hadde med sykkel opp til hyttefeltet der stien byrjar. Det er sjølbetjent bomveg 3,5 km opp til Skeisnebba hyttefelt, men eg hadde ganske god tid til denne turen og sparte 50 kr på å parkere nede ved fylkesvegen. Ganske sorpete sti en del plasser men det var stadvis lagt ned planker. Åt mykje blåbær oppover. Solrik og varm dag og flott utsikt frå Knyken og lufta var klarere etter regnet dagen før.

Map     2 comments

Torfjellet og Tuva

Date:
17.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h

Det var meldt regn denne laurdagen og regnet kom i 11-tida. Periodevis opphald men venta til i 16-tida da regnet gav seg og det klarna opp i vest og sola kom. Frå parkeringsplassen sykla eg nedover mot Storlykkja og gjekk så på merka sti opp til Torhøtta, som har vardebok, og vidare over Langskarven mot Gråurfjellet. Høgaste topp Torfjellet hadde ikkje sti, men stien går til vesttoppen Gråora som har vardebok. Fulgte så stien ned på nordsida til vestenden av Storvatnet der det er ein gapahuk. Vidare vestover på sti gjennom myrete terreng og opp til Tuva som og har vardebok. Så på stien ned sørover i månaskin og inn på setervegen tilbake til parkeringsplassen.

Map    

Jørenskardfjellet og Ruten

Date:
16.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
8:15h
Map    

Resfjellet

Date:
15.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
4:45h
Map    

Karihaugen og Formokampen

Date:
14.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
6:45h
Map    

Svartkampen

Date:
13.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
5:30h
Map    

Lauvhøe og nabotopper

Date:
12.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
12:00h
Map