Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (13)
- Trugetur (13)
- Fottur (519)
-
Skitur (130)
- Fjellskitur (128)
- Langrennstur (2)
-
Sykkeltur (5)
- Blandet sykling (5)
Arkiv - Etter geografi
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- 2000m 20m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Favorittopper
Reinsknuten
- Dato:
- 15.10.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 6:00t
Fulgte ein umerka sti opp til Kjelkeskaret. Stistarten fant eg ikkje, men gjekk bare forbi eit gardstun og opp i bjørkeskogen så kom eg inn på ein sti langs vestsida av bekken. Litt lenger opp kryssa stien over på austsida av bekken og var nokså tydelig eit langt stykke. Blei utydelig igjen over skoggrensa, men fortsatte å gå langs bekken. En del storsteina ur så litt kronglete men uproblematisk å ta seg fram.
Oppe i Kjelkeskaret der det flater ut gjekk eg vestover ryggen til Reinsknuten. Var oppom fleire toppunkt på ryggen, men eit punkt skilte seg litt ut og virka like høgt som Reinsknuten lenger vest. Vidare ca 1 km vestover bort til hovedtoppen med varde og trigpunkt.
Gjekk bratt ned nordaustover. og så vestover i den tronge dalen. Det er ein steinsatt gammal anleggsveg i denne >>>
Strandvassknuten
- Dato:
- 12.10.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:00t
Vegen langs Strandvatnet er kjørbar langs nordre del frå Stølsdalen. Parkerte ved vegdelet til Lyngskaret, og gjekk på grusveg opp til vegens høgaste punkt. Gjekk så opp nordryggen til Strandvassknuten. Det var spredt varding oppover uten særlig sti, men ganske lettgått terreng.
Retur ned den bratte sørryggen og vestover til Bjørkelifjellet, og så ned til Lyngskaret igjen. Var her på vårskitur i april 2014 så dette blei gjensyn av gamle trakter i barmark.
Oddaheia
- Dato:
- 11.10.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 12:00t
For tida åpen veg med god standard frå Lysebotn til Nilsebudammen. Fulgte T-sti skilta mot Grasdalen langs vestsida av Nilsebuvatnet og Storhillervatnet og vidare nordover. Stien langs Storhillervatnet er nymerka og ennå lite synlig i terrenget. Ellers god sti. Sør for Brokadalstjørna gjer stien ein sving vestover, og der forlot eg stien og fortsatte rett fram langs høgspenttraseen på austsida av Brokadalstjørna. Runda tjørna i nordenden og gjekk over dei namnlause toppane mellom Brokadalstjørna og Futevatnet. Denne 910-toppen (913 på dei fleste kart) var tidligare usikker, men nye detaljkart med 1 m-koter i 2020 viser at den er pf 100.
Vidare austover til tjern 881, langs vestida av dette og så over til austsida av tjern 855. Her var det bratte og skumle svaberg med utsatt klyving, >>>
Langaberg og Kjortåsen
- Dato:
- 04.10.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 4:30t
Fulgte merka sti frå Leitevegen frå der den bratte nedstigninga mot Bjørheimsbygd begynner. Først til Almåsen, og vidare på sti over Midtknuten, Langaberg, Hamrane og ned til Barkastølsvegen. Der hadde eg på forhånd lagt frå meg ein sykkel så eg sykla mot Kjortåsen og gjekk på sti opp til den. Sykla så tilbake til utgangspunktet på Leitevegen.
Førlandsnuten og Øykjafjellet
- Dato:
- 03.10.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 7:30t
Parkering ved Storåsfoss ca 3,5 km opp frå Jørpeland skilta mot Fureneset. Gjekk på merka sti frå nordsida av vegen litt vest for Storåsfoss opp til Førlandsnuten. Fulgte sti vidare nordover til Krokarfjellet. Vidare over Småkrokane og ned til vegen til Regnarvatnet. Var oppom Lusabergknuten før eg gjekk vidare nordover mot eit minnesmerke som det var skilta til frå vegen mot Regnarvatnet. Gjekk så tilbake via vest- og sørsida av Regnarvatnet på sti opp til Flatafjellet og Øykjafjellet med avstikker stilaust til Krossfjellet. Det går visst sti til Øykjafjellet frå vestsida også, men eg gjekk ned sørsida og over Heståsen på sti som stedvis var lite synlig. Siste stykket på tydelig sti ned til Storåsfoss.
Kjeatofjellet og Tårnfjellet
- Dato:
- 02.10.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 8:30t
Parkering ved Storåsfoss ca 3,5 km opp frå Jørpeland skilta mot Fureneset. Fulgte merka sti mot Kjeatofjellet med ein avstikker oppom Husafjellet. Vidare på sti også opp til Tårnfjellet via den bratte vestsida frå Rovadalen.
Så stilaust austover over Sauafjellet til Kruna og ein markant namnlaus topp 628 sør for Kruna. Skulle tru Kruna er feilplassert på kartet, men både N50 og ØK plasserer Kruna på ein lite markant topp mellom Ytre Buksetjørna og Svortingsvatnet. Gjekk opp og ned nordvestryggen til 628-toppen. Bratte fjellsider ellers.
Vidare ned sørover mellom Buksetjørnane og vestover mot Moslivatnet og ned til nordenden av vatnet. Der kom eg inn på sti opp til Rovadalen og fulgte så stien tilbake til utgangspunktet med ein avstikker på sti oppom Lomafjellet.
Øykjafjellet og Tunglandsfjellet
- Dato:
- 01.10.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 3:00t
Parkering ved kraftstasjonen ein drøy km opp frå Jørpeland skilta mot Fureneset. Gjekk over brua over Jørpelandsåna og fulgte først grusveg eit stykke oppover og så på merka sti. Det er stort utvalg av stier i området, og valgte å gå først sørover til Øykjafjellet via Middagsåsen. Så nordvestover til Tunglandsfjellet der det er flott utsikt over utover fjorden og Jørpeland. Tok ein bratt sti ned nordaustryggen og så på vegen tilbake til kraftstasjonen. Merka sti på heile denne turen, men klarte å miste stien eit stykke mellom Øykjafjellet og Tunglandsfjellet.
Glovheia og nabotopper
- Dato:
- 28.09.2020
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 7:15t
Frå Fv 42 gjennom Eigersund by er det skilta mot Koldal og Helleren. Begynte å gå frå nordenden av Ulsvatnet (rett før garden Helleren) der det er skilta mot flystyrt. Fulgte grusveg opp til nordenden av Illgjernsbutjørna. Der fortsetter stien i fuktig terreng langs vestsida og sørenden av tjørna til flyvraket.
Eg gjekk dog først opp til Ørnafjellet via ein gammal veg opp eit stykke austover og så ut i terrenget opp til toppen. Ifølge detaljkart er trigpunktet 303,7 m mens ein topp ca 40 m lenger aust-søraut er 303,9 m. Tok så ein tur over Holsteinknuden og Rudalsknuden, og så ned til Illgjernsbutjørna der det ligger flyrester i vannkanten og var eit minnesmerke på fjellknausen. Det var eit britisk fly med polakker ombord som styrta i fjellveggen der den 30. oktober 1942.
Etterpå >>>