Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Vedafjellet og Melsheitopper

Datum:
31.10.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
5:28h
Entfernung:
16,5km

Gjekk frå arboretet som ligger ved Espelandsveien mellom Bråstein og Sviland. Var først på Skogaberget og Steinfjellet som har merka sti og flott utsikt over arboretet. Vidare over beitemark uten sti til Netland, og så opp til Brekkafjellet. Der er det merka sti frå Melsheia til Vedafjellet via sør- og austsida av Skjenanuten, mens eg gjekk over Skjenanuten. Frå Vedafjellet fulgte eg merka sti ned til Kleivane og gjennom byggefeltet der eg gjekk litt feil. Fekk tilsnakk av ein fordi eg gjekk gjennom hagen hans. Beklaga meg, og sa at det ikkje skulle gjenta seg. Vidare på sti over Ragnhildnuten, og på veg og sti resten av turen gjennom Melsheia tilbake til Arboretet. Har vore på alle desse toppane før, men med litt usikker dato på fleire av småtoppane.

Karte    

Faureknuten og Ivesdalsfjellet

Datum:
30.09.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
9:30h
Entfernung:
27,2km

Fulgte grusveg og godt merka og tydelig sti til Faureknuten. Brukte akkurat 1 t til toppen. Det var to andre der oppe. Gjekk vidare uten sti til Trodlanuten. Hadde så tenkt å gå sørover til Asheimsfjellet siden det var meldt regn utpå dagen. Veret såg ut til å halde seg så eg ombestemte meg og gjekk heller en lenger tur austover mot Ivesdalsfjellet, men var først oppom Orrhammaren, Gamlestølfjellet og Hestafjellet. Vestsida av Gamlestølfjellet er svært bratt og måtte klatre (uten sikring) der. Fulgte høgspenttraseen opp i vestsida av Ivesdalsfjellet. Ned igjen kom eg inn på skogsveg ned mot Hofreiste. Enklaste rute til Ivesdalsfjellet er nok å gå frå Fv 503 ved røde bygninger ved Høgmoen i nordsida av Hofreiste og følge skogsveger mot høyre oppover og så følge høgspentlija >>>

Karte    

Vardafjellet og nabotopper

Datum:
29.09.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
6:45h
Entfernung:
20,2km

Prøvde å finne en sti som er skilta frå Krogavatnet mot Holmafjellet, men fant den ikkje. Frå Holmafjellet er det rødmerka sti via Snøsvassfjellet til Runaskaret, men stedvis lite synlig i høgt gras. Så opp til Vauleknuten som har merka sti. Vidare ned vestryggen uten sti til Høghammaren. Gjekk ned til Vaule og ut på E39 og opp vestryggen uten sti til Vardafjellet. Vidare sørover til Slåttefjellet og austover mot Skjæveland der eg kom inn på vegen som eg fulgte nordover tilbake til utgangspunktet.

Karte    

Solbjørgnipa og Råsafjellet

Datum:
06.09.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
7:11h
Entfernung:
20,4km

Parkerte langs vegen inn til Solberg ca 100 m frå fv 4310 Heiavegen som går forbi severdigheten Kløgetvedttunet. Gjekk opp til Solberg og vidare på traktorveg og merka sti til Solbjørgnipa, men også en avstikker oppom Ellelifjell. Liten pause på Solbjørgnipa, og så vidare i terrenget austover uten sti via Stølsfjellet til Råsaknuten. Tok ein avstikker bort til trigpunktet på 388 m. Her var det turskilt med rute bort til Solbjørgnipa. Prøvde å følge den stien vestover, men den var så utydelig i det høge graset at eg mista den. Gjekk ned nordover i skaret mellom Solbjørgnipa og Råsafjellet, og der var det en drifteveg som var god å gå på. Tok så ein runde over fleire småtopper vest og sør for Solbjørgnipa. Siste topp blei Urdafjellet som har traktorveg nesten til topps.

Karte    

Topptur på Høgjæren

Datum:
28.08.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
5:37h
Entfernung:
19,2km

Gjekk frå p-plassen i Synespasset på vekselvis traktorveg, sti og terreng til Karten. Tok ein tullete "snarveg" mot Bruaberget og såg etter en veg eg ikkje fant. Kom inn på god sti i sørenden av Kartavatnet så eg fulgte over Bruaberget til Brusaknuten. Så vidare sørover til Eikelandsknuten og et par namnlause topper lenger sør. Såg ikkje stier til desse toppane, men det er gjerdeklyver på Eikelandsknuten. Sørsida av Eikelandsknuten er svært bratt og vil ikkje anbefale mi rute der. Frå demningen i nordenden av Hagavatnet, som er drikkevasskjelde, kom eg inn på veg som er stengt med bom, og så vidare på hovedvegen tilbake til utgangspunktet. Dei som samler kommunetopper finner bedre rapporter enn denne.

Karte    

Bynuten og Selvigstakken

Datum:
23.08.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
8:47h
Entfernung:
19,6km

Fulgte normalveien opp til Bynuten som er godt merka. 5,7 km en vei, og brukte drøyt 1,5 t opp. Det er merka rute mellom Bynuten og Selvigstakken som eg fulgte ned til austenden av Rasmustjørna. Der var det stidele med skiltpiler i to retninger. Gjekk mot høyre, men etter ca 10 m forsvant stien i graset. Fortsatte stilaust opp den bratte sørsida av Serifjellet. Den merka ruta mellom Bynuten og Selvigstakken går rundt vestenden av Rasmustjørna. Frå Selvigstakken gjekk eg ned nordryggen via Foreknuten og vidare bratt ned i skogsterreng og opp til Gulafjellet. Åt en del blåbær i dette området. Fant en merka sti med slitt rødmaling som eg fulgte ned fra Gulafjellet. Etter kvert forsvant merkinga, men fulgte dyretråkk til eg kom inn på den gamle anleggsvegen tilbake til Myrlandsheia.

Karte    

Høghei og Trollarinda

Datum:
30.07.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
11:35h
Entfernung:
23,8km

Tilrettelagt turparkering ved nordenden av Hovsvatnet. Merka tursti derfrå mot Høghei så eg fulgte opp til drøyt 300 moh. Der er det stidele og merka sti mot høyre til Høghei, men eg fortsatte på en delvis gjengrodd skogsveg mot venstre opp til ca 400 moh. Gjekk så ut i terrenget vestover til Nonåsen og sørover til Høghei. Så delvis på sti til Skogbergfjellet. Vidare uten sti til Akniben. Dette er tydeligvis en populær trimtopp med god sti ned sørryggen til sørenden av Mjåvatnet. Gjekk så ut i terrenget over Skoddfjella. Så et stykke på skogsveger, og ut i terrenget igjen til Stronnefjellet, Husheia, Jenta, Trollarinda og Marsteinsfjellet og ned til skogsvegen eg brukte på veg opp før middag. Stedvis en del blåbær og litt molter så eg forsynte meg av i løpet av turen.

Karte    

Krokvassheia og Drengen

Datum:
29.07.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
9:42h
Entfernung:
23,5km

Parkerte ved skogholt utenfor porten til jordstasjonen. Gjekk vidare vestover på grusveg et stykke. Gjekk t.v. i vegkryss og oppover et hogsfelt og vidare i terrenget opp til Skogefjell. Vidare nord- og vestover til Krokvassheia som har varde med besøksbok. Det er merka sti opp her frå vegen rett nedanfor jordstasjonen, og opp via aust- og nordsida av Krokvassheia. Tok så ein runde sørover til Heståsen, Brendebakkane, Drengen og Småtødnan. Ned nordover gjennom bratt skog og stygge skrenter. Kom etter kvert inn på skogsveg som eg fulgte ned.

Karte    

Jokulen og Grønhaug

Datum:
28.07.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
9:15h
Entfernung:
24,7km

Vegen inn Steinbergsdalen var åpen. Det stod skilt om at den kunne stenges uten varsel, og info om at det var mulig å leie nøkkel. Tok sjansen på å kjøre, og ved enden av vegen var det p-plass med en del biler. Gjekk på sti forbi steinbergstølen og vidare langs vestsida av Viglandsvatnet. Så vestover uten sti over Pråmtjørnknuten, Hestefjell og Jokulen. Vidare sørover til Grønhaug, Spøtliknuten, Almljotheia, Rusknuten og Torkelsfjellet ned til Steinbergsdalen. Gjekk til slutt ca 4 km på grusvegen tilbake til utgangspunktet.

Karte    

Stora Heia

Datum:
27.07.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
7:45h
Entfernung:
20,0km

Tok sjansen på å kjøre frå Handeland langs Hovsvatnet på motsatt side av E39. Det var skilta som blindveg, og kom etter kvert til ei låst grind. Måtte derfor et stykke tilbake og parkerte mellom to kjelver. Gjekk på traktorveg opp til Litla Hovsvatnet på 380 moh. Så til venstre ut i terrenget med rundtur over Helgesteknuden, Stora Heia, Rygla, Stora Heia nord, Hovsmoheia og Hovsheia. Krevande tur stort sett uten sti i høg vegetasjon. Kom ned på traktorvegen igjen i sørenden av Litla Hovsvatnet og fulgte den tilbake til utgangspunktet.

Karte