Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Bergeheii og Litle Auråhorten

Date:
21.04.2023
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:52h
Distance:
32.0km

Vegen frå bommen i Flatstøldalen opp mot Svartevassdammen var nylig brøyta. Sykla oppover og begynte skituren frå trafostasjonen ovanfor Duge kraftverk. Gjekk vidare på ski opp til Svartevassdammen og ut på kraftmagasinet Svartevatn. Det går kvistaløype mellom Grautheller og Litle Aurådal og Storsteinen turisthytter. Fulgte den løypa et stykke før eg gjekk over Molteheii og vidare til Bergeheii som er øytopper i Svartevassmagasinet. Så nordover til Litle Auråhorten. Retur over Svartevassmagasinet, med en avstikker oppom austtoppen til Loneknuten. Utenom skituren er det ca 15 km sykkeltur kvar veg frå bommen i Flatstøldalen.

Map    

Stutaheia

Date:
20.04.2023
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:55h
Distance:
23.4km

Gjekk først over Tverråtjødnen og fulgte vidare stort sett kvistaløypa opp til Øyarvatnet. Enkelte andre også på tur denne dagen. Slo av en prat med to av dei på ruta opp mot Øyarvatnet. Lenger oppe var det ingen å sjå, anna enn to snøskutere som kjørte over Øyarvatnet. Oppe på Stautaheia var det lagt ut postkasse med vardebok i påsken i fjor. Mange har skrevet seg inn i boka i vinter- og påskeferiene, men relativt få i sommersesongen.

Map    

Iglandsklubbafjellet

Date:
08.04.2023
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:16h
Distance:
24.9km
Map    

Vallresknuten

Date:
19.04.2022
Characteristic:
Backcountry skiing

3. påskedag og nær folketomt på Giljastølen. Sikkert siste dag med samanhengande skiføre frå botn av trekket. Mange skispor oppover etter ein av dei betre snøpåsker til 2000-talet å vere. La turen via Måkavatnet og Kalledalsvatnet og opp på Vallresknuten sørfrå. Mange hadde skrevet seg inn i vardeboka i påsken. Retur strakaste vegen via Måkavatnet ned til Giljastølen. Varmt ver og mjuk snø, men begynnande skorpe i skyggesidene om kvelden.

Map    

Klubbafjellet og Langafjellet

Date:
02.04.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:30h

Gjekk opp til hoveddammen til Lyngsvatnet og via Tjørnastølfjellet til Klubbafjellets to topper. Så bortom Klubbane og ned i Lyngsdalen og opp til Langafjellet. Her står ein flott varde på trigpunktet, men høgaste punkt viser seg å vere ca 200 m lenger nordaust. Så ned til Meinstjørna og over fleire sekundærtopper i dette området. Vidare bort til Rausdalsfjellet som har flott varde. Siste topp blei Middagsknuten der eg måtte bratt ned i Nystølskardet til fots. Isøks var veldig godt å ha med nedover i den nordvendte skråninga med hard snø. Mjuk snø i den sørvendte skråninga opp til Middagsknuten. Retur tilbake via Rausdalsfjellet og rant ned sørover i Lyngsdalen og ut på det regulerte og sterkt nedtappa Lyngsvatnet. Gjekk i land ved hoveddammen i vestenden og så ned til >>>

Map    

Krøysaheia og nabotopper

Date:
01.04.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:15h

Var først oppom Jamnarheia, og så ned på Sandvatnet til sørvestenden ved Pramstød. Vidare vestover litt opp og ned til Krokavatnet og så opp den bratte nordaustsida av Krøysaknuten der eg bar skia på hard snø. Vidare til Lågahei som har stor flott varde, og så ned over Krokavatnet opp til 682-toppen, Tjørnadalsheia, Svarefjelelt, Tindafjellet og Nordnesknuten. Til sistnevnte gjekk eg opp og ned til fots via søraustryggen. Retur via Sandvatnet tilbake til utgangspunktet.

Map    

Urddalsknuten

Date:
31.03.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:30h

Parkerte litt nedanfor innkjørselen til Lyngsvatnet. Ikkje brøyta opp til demningen, men snøskuterspor. Gjekk over Lyngsvatnet til litt forbi Lyngsneset. Derfrå opp den bratte sørsida til Skurveheia som hadde soltint snø. Hard snø ellers. Vidare austover til Horten. Så ned til Middagstjørna og vestover i sørsida av Urddalsknuten. Satte frå meg ski og gjekk opp til fots i passelig hard snø. Så ned igjen til Lyngsvatnet ved Ruveneset og tilbake til hoveddammen.

Map    

Gryteheia og Skibufjellet

Date:
24.03.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:00h

Gode snøforhold på Stavtjørn. Fulgte skiløypa til Barbuvatnet og gjorde ismåling midt utpå. Gjekk så opp til Gryteheia og Skibufjellet. Retur til Stavtjørn via Barbuvatnet der eg hadde lagt frå meg ryggsekk med spade og isbor.

Map    

Skarkaknuten og nabotopper

Date:
23.03.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:15h

Gode snøforhold på Stavtjørn. Gjekk opp alpinbakkane til Skarkaknuten og vidare til Rambjørknuten og tilbake via Storafjellet og Vindheia.

Map    

Vådlandsknuten

Date:
15.03.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Map