Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Dyranuten

Date:
11.12.2018
Characteristic:
Hike
Map    

Dyranuten

Date:
05.12.2018
Characteristic:
Hike
Map    

Dyranuten

Date:
20.11.2018
Characteristic:
Hike
Map    

Ådnanesnuten og Hesten

Date:
14.11.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
8:00h

Gjekk på grusveg oppover eit stykke og så på Merka sti vestover til Ådnanesnuten. Ned igjen så fortsatte eg på vegen sørover og oppom 268-toppen. Vidare sørover via Tjødnaråsen, og kom så inn på merka sti frå Erlandsvatnet til Hesten. Overskya ver og allerde halvmørkt då eg nådde toppen Fulgte stien vidare austover til Rv 13 på Botnsheia, og gjekk så langs vegen ned til Botne igjen så det blei ein god rundtur.

Map    

Ramnåsfjellet

Date:
13.11.2018
Characteristic:
Hike
Map    

Døvikhammaren og Krossnesheia

Date:
12.11.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
8:30h

Kjørte til Døvikvågen uten å finne høvelig parkeringsplass langs vegen. Det blei til at eg kjørte gjennom eit gardstun til veis ende og parkerte (usjenert trudde eg) bak ein steinknaus. Lot bare bilen stå der under heile turen, men det burde eg ikkje gjort sånn uten vidare. Meir om det til slutt. Var ikkje klar over sti til Døvikhammaren så eg gjekk rett opp den bratte austsida der det blei ein del utfordrande men gøy klyving. Oppe på toppområdet såg eg det var merka, men stedvis utydelig sti som eg fulgte ned via nordryggen. For å finne stien på veg opp må ein gå gjennom ei grind og følge vegen rett fram mot Årdalsfjorden. Når ein er et par steinkast frå fjorden går ein på skrå opp mot venstre, og da skal man finne stien i bjørkeskogen. Gjekk så sørover ein snau km >>>

Map     2 comments

Heggeimsfjellet og Lekvamsåsen

Date:
11.11.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
5:45h

Gjekk først opp på Sneisåsen frå vestsida, og så opp på Vardlandsåsen nordfrå. Så vidare gjennom skogen sørover til Heggheimsfjellet. Toppområdet har har fleire jamnhøge toppunkt, og trigpunktet er trulig det høgaste. Pga skogen er det dårlig utsikt, men på sørkanten er det utsikt over Bjørheimsvatnet og mot Tau. Fant ein god blåmerka sti ned igjen til Heggheim. Gjekk så langs vegen til Lekvam og fant ein traktorveg så eg fulgte eit stykke oppover i nordsida. Så vidare gjennom skogen til toppen. Såg ingen sti her og gjekk ned igjen gjennom skogen til Lekvam.

Map    

Hjelmen

Date:
08.11.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
5:30h

Parkerte ved sida av kyrkjegarden som er anvist på turstiskilt lenger oppe. Gjekk så gjennom byggefeltet og fulge merka rundløype over Hjelmen. Dette var ein såpass kort tur at eg rakk den mellom to regnbøyer. For å slå i hjel resten av dagen som var meldt regn gjekk eg sørover mot Tuntland og så på traktorveg opp mot skaret mellom Sandsåsen og Mårdalsaksla. Kom inn på ein merka tursti som eg fulgte opp til Sandsåsen. Det var nå både regn og søraust vind, men hadde kledd meg for den slags. Gjekk vidare i terrenget sørvestover til Espeland og så på traktorveg eit stykke og så gjennom skog og myr til Hauskefjellet. Flott utsiktpunkt vestover og det var og postkasse med vardebok litt nord for trigpunktet. Det var få namn i den, men var vel ein eller to gjengangere. Så tilbake >>>

Map    

Nordraheia

Date:
06.11.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
6:15h

Sykla drøyt 5 km inn til Funningsland og henta sykkelen dagen etter. Fulgte så T-stien mot Kaldavatnet eit kort stykke før eg gjekk opp til Nordraheia der eg var seinast i fjor sommar. Men denne gongen blei det ein annan variant for å ta med nokre sekundærtopper nord for Funningslandsvatnet. Flott utsikt over Jøsenfjorden og fjella nord for fjorden på turen vestover til Nonsknuten. Vidare i skogsterreng sørvestover til Bjørnåsen, Nystølfjellet og Kolhaugane og ned til Funningslandsvegen. Måtte først krysse Lendingsåna som er vanskelig å gå tørrskodd over, men med ein stav i eine hånda gjekk det greit nå når det var lita vassføring.

Map    

Åsaheia

Date:
05.11.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h

Parkerte veg vegdelet i sørenden av Djupadalsvatnet. Gjekk forbi bommen og etter 2-300 m inn på ein skogsveg opp til venstre og så ut i terrenget opp til Kollane. Vidare over ei myr og opp til Åsaheia i austsida. Her var det skogsveg som kom opp sørfrå, muligens frå Tøtland, som eg kunne følge eit stykke mot toppen. To toppunkt over 540 m, og trigpunktet er nok høgast. Gjekk så bratt ned nordover til vegen mot Vormeland der eg på vegens høgaste punkt på snaut 400 moh gjekk ut i terrenget igjen nord- og vestover til Husaheia og Reppaheia. Høgaste punkt på Reppaheia er nok på ein eller annan knaus litt aust for trigpunktet og marginalt høgare enn 430m. Så ned til dei trulig fråflytta gardane på Vormeland og fulgte så vegen tilbake mot Djupadalsvatnet med ein avstikker oppom >>>

Map